Lærdal: Frode Myklebust er Venstre sin faste kommunestyrerepresentant, men han melde forfall til dagens kommunestyremøte for fleire veker sidan.
På møtet mellom FAU ved Ljøsne skule og politikarane måndag syntest det klart at Astrid Trulssen skulle møte for Venstre og at ho kom til å stemma for nedlegging.
Les også: – Nærleik til skule blir avgjerande når unge skal etablera seg
Også Olav Grøttebø var på møtet måndag og tok Ljøsne skule i forsvar. Før han sa:
– Det er enkelt for meg å seia som ikkje skal sitja i kommunestyresalen.
Men i kommunestyresalen sit han. Og det kan moglegvis vippa heile saka i favør Ljøsne skule.
Les også: Det spøkjer for denne skulen
Dette er dei 17 representantane som avgjer lagnaden for Ljøsne skule:
Sp:
- Jan Geir Solheim
- Anders Voll Eltun
- Viktor Yttri
- Gro Starheimsæter
- Stein Vidar Nemeth
- Jens Reidar Ljøsne
- Vidar Gram
- Britt Sanden
Ap:
- Kåre Mentz Lysne
- Kristen Olav Grøttebø
- Audun Mo
- Hallvard Lunden
- Leiv Aasen
H:
- Trond Øyen Einemo
- Jarle Molde
V:
- Olav Grøttebø
SV:
- Annike Renate Vanberg