SATSAR: I slutten av året håpar nLink i Sogndal å vere mellom tretten og femten tilsette, mot seks i dag. Selskapet har utvikla ein robot som borar hol i betongtak på byggjeplassar. Frå venstre: Jørn Sandvik Nilsson, Tom Asle Henninge, Håvard Halvorsen og Halvor Gregusson. Foto: nLink.

Gründerane i nLink vil tredoble staben i år

– Vi har funne ut at det berre er å gje gass.

Sogndal: nLink i Sogndal jaktar folk. Akkurat no lyser dei ut to faste stillingar, men målet er å bli enno fleire: frå fem tilsette til opp mot femten i slutten av året.

– Vi merkar at tilbakemeldingane frå marknaden er stor. Robotane er på full veg inn i byggjebransjen. Vi har funne ut at det berre er å gje gass, seier dagleg leiar Halvor Gregusson i nLink.

GOD ARBEIDSKOMPIS: Roboten borer hol i betongtak på byggjeplassar, medan handtverkaren berre kan stå og sjå på.
GOD ARBEIDSKOMPIS: Roboten borer hol i betongtak på byggjeplassar, medan handtverkaren berre kan stå og sjå på.

Les også: Robotar frå Sogndal får hjelp av EU til å erobre verda
Les også: Dei vart kåra til årets gründerar

Selskapet held til på Fosshaugane Campus og har spesialisert seg på robotar som skal lette arbeidet på byggjeplassen og få det til å gå fortare unna. Dei har til no utvikla ein robot som borar hol i betongtak. Som ofte er tilfelle med nyetableringar har nLink stort sett tapt pengar sidan etableringa i 2012. Men i fjor gjekk dei endeleg så vidt litt i pluss.

– Vi har ikkje planar om å gå supermykje i pluss framover, det er vekst som er målet. Vi skal etablere oss som ein aktør i byggjebransjen, seier Gregusson.

Han seier dei er inne i diskusjonane på fleire spanande prosjekt, men vil ikkje gå ut med noko før dei er endeleg landa.

– Har de planar om å satse andre plassar enn i Norge?

– Ikkje med ein gong, men vi skal dit etterkvart. Det er definitivt folk som har byrja å få med seg kva vi gjer, seier Gregusson.

Til toppen