For eit knapt år sidan var eg og Øystein på klatretur. Øystein hadde tatt med seg ein spesialkaffi som kjærasten hadde sendt med han, «for god klatrelykke». Det var i lyset av bålet at eg såg det føre meg: kaffibrenneri i Sogndal. Såklart! 
For eit knapt år sidan var eg og Øystein på klatretur. Øystein hadde tatt med seg ein spesialkaffi som kjærasten hadde sendt med han, «for god klatrelykke». Det var i lyset av bålet at eg såg det føre meg: kaffibrenneri i Sogndal. Såklart! 

Gründerbloggen: No har kaffibrenneriet fått støtte

Eit stort jabadabadu! Innovasjon Norge har løyvd ein haug med kroner til kaffiprosjektet mitt.

Kjetil Russenes fekk det plutseleg føre seg at han skulle starte kaffibrenneri i Sogndal. Ideen balla raskt på seg, og i fleire innlegg i gründerbloggen har me fulgt den unge entreprenøren. Les meir om bloggen her.

Du. Vil. Ikkje. Tru. Kor glad eg var då eg fekk telefonen. Og for ei vekt av skuldrane. Eg har jobba ein heil del og verkeleg byrja å bygge meg forventingar til kva eg kan klare å få til. Ikkje nok med det, den norske stat trur at eg kan få det her til. Men det kostar å være kar i Norge. Meir enn eg først hadde trudd. Det er mykje kjekkare å arbeide med prosjektet når eg ikkje treng bekymre meg for å få endane til å møtast. Så takk Norge, takk skal du ha! No er eg fri til å utføre, til å handle, til å gjennomføre alt som er planlagt.

Det er ikkje småsaker.

Eg er rimeleg sikker på at kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri vert å finne på ganske mange serveringsstadar i det ganske fylke innan kort tid. Store ord? Ja. Men det her er ikkje tåkeprat. No handlar det berre om at folk skal få smake og kome fram til svaret sjølv. Eg har òg tatt ein del val for å få ting til å gå fortare. Til dømes må eg berre innsjå at etikettar og såkalla designprofil er noko som tek lenger tid enn planlagt. Løysing? Får ut noko kjapt og enkelt, det er tross alt kvaliteten inne i posen som gjeld.

Ei anna sak eg ville nemne er følgjande: Det har vert ei utfordring for meg å halde dette vesle skriveprosjektet i live. Og det er det fleire grunnar til:

1. Det som er relevant for meg ei veke, som eg arbeider med til dagleg, er gjennomført og ferdig før eg får skrive om det. Til dømes har det gått over ei veke sidan Innovasjon Norge gav tommel opp, gledesrusen varte i om lag 24 timar før eg forstod at eg måtte gi gass og kome meg i sving. Dessutan krev det ei viss tid til refleksjon for å klare å skrive noko meiningsfult, og for det må eg ha litt ro i kroppen, og for å få ro i kroppen, treng eg meir tid til å slappe av. Mangelvare.

2. Når eg faktisk har energi til å skrive fulle setningar, så har eg stort sett større behov for å rette orda mot, tja, byggetaten i kommunen, Mattilsynet, Tolldirektoratet, kundar, leverandørar og så vidare. Når kvelden kjem, er eg pent nøydd til å avslutte, for dersom eg skriv på dataen, om kvelden får eg ikkje sove før langt på natt. 

3. Av og til vert eg ganske sjølvkritisk til kva eg skriv, og då er tinga plutseleg ikkje gode nok for å delast med andre. Men som du les no, så bryr meg meg ganske lite når eg først kjem i siget. Det får stå til, folk får tolke det som dei sjølv ønskjer.

Eg har også hoppa over eit blogginnlegg eg tenkte å skrive i helga. Eg har nemleg brent ein heil del prima kaffi i Oslo. Den har eg lyst til å dele ut til folk som har bestilt, men eg har enno ikkje kome meg rundt og laga noko som helst slags trykk på pakkane. I skrivande stund sit eg på kontoret til Gasta, oppe på Campus. Dyktige og hjelpsomme folk, fylket er choka fullt av denne mennesketypen.

Trykk ja. Prima kaffi gjer seg også godt med ei historie, eller forteljing, eller funfacts om kaffien. Kva er det folk er ute etter tru? Vil dei høyre at ein av kaffiane er frå Huehuetenango-regionen i Guatemala? At kaffien er dyrka i opp mot 2000 meters høgd på grensa mot Mexico? At den er lett syrleg, rund og har ein lett blomsteraktig ettersmak?

Eller skal eg skrive på pakken: Det her er jækla god kaffi, stol på meg, nyt han til søndagsfrukosten din. Filosofien min er jo tross alt ikkje noko jåleri, berre god kaffi.

Brennaren er prosjektert ferdig 28.07 i borte i USA. Kjem til Sogndal eit par dagar etterpå.

Pokker, eg har ikkje eingang fått på plass leigeavtalen enno.

Vi får sjå, rykta seier at [digital etikett] i Gaupne er nokon resara på klistermerker. 
[http://www.digitaletikett.no/kundar]

Oi, der var Ingar ferdig i telefonen, på tide å prate klistermerker.

Kari og Knut, krut ut.

Til toppen