Gründerbloggen: Tur til storbyen, medgang på alle plan

Gründerbloggen: Tur til storbyen, medgang på alle plan

Med eit stipend i trygt planta i lomma var planen klar: Her må eg svi av eit par tusen, fortare enn svint!

Dette innlegget vart opprinneleg publisert 8. april, men vert publisert på nytt sidan bloggen er ny på Porten.no. Les meir om gründerbloggen her.

Etter eit par telefonsamtalar og litt googling, fann eg ut at det var ein kjend kaffibrennar i Oslobygda, akkuratt no i mars! Måns. Flydd inn, direkte frå Antwerpen, for å ause til oss av sitt utømmelege lager av kunnskap. Saka var opplagt, eg måtte i prat med den joviale svensken.

Torsdag:

15:00 - Kroppsøving med 10. Klasse på Halbrend skule
17:30 - Bringeland lufthamn
18:30 - Gardermoen 
18:32 - Beinfly for å rekke flytoget.

Helga var fylt av ny viten. Det var som å tre inn i ei ny verd, fylt til randen med kaffi. Ting eg ikkje ein gang visste om. Voivoi for ei stemning.

Som du ser – litt grunnleggande teori om brenning av kaffi. Korleis forskjellige typar varme påverkar bønnene, kva forskjellige starttemperaturar gjer med resultatet – og ikkje minst: den store løgna om temperatur og kva vi eigentleg målar inne i brennaren.

Uansett, vi var tre stykker som deltok på workshoppen. Ein kar som driv kaffibrenneri i Hong Kong. Rolig liten flytur for å delta i Oslo. Samt ein Barista frå Oslo, han hadde kortare veg.

Her er vi hos Baristaschool i Oslo. Utruleg dyktige og trivelige folk!
Her er vi hos Baristaschool i Oslo. Utruleg dyktige og trivelige folk!

Dette bildet syner litt meir innføring i "cupping" og -prosedyrar. Kort fortalt handlar det om å brygge kaffien dårleg, for så å leite etter smakar ein vil ha meir eller mindre av. Dette legg grunnlaget for små justeringar i brenneprosedyra, slik at ein kan komme eit steg nærmare den smaken ein er ute etter! Måns reiser forøvrig rundt i verda for å cuppe fleire hundre ulike kaffibønner, for så å plukke ut dei beste av dei beste.

Å, du milde. Brenning på dag ein --> Cupping --> Brenning dag to  --> Cupping. Bønnene du ser her er frå Etiopia. Tasty tasty!  (Resultatet ser du i videoen over)

No tenkjer du kanskje "Ja det her var vel og bra, men tittelen på blogginglegget tilsa at medgang på alle plan..." 

Ro deg ned, eg kjem til det no:

  1. I tillegg til å vere ein triveleg kar med enormt mykje kunnskap i kaffibransjen, tykte Måns at eit kaffibrenneri i Sogn og Fjordane er ein god idé! I løpet av sekund gjekk eg frå å vere litt usikker på kva eg hadde kasta meg ut i, til å få ståltrua på prosjektet, som om klokka skulle vere kvart over to, natt til søndag.
  2. Eg skal jobbe i lag med Måns framover, for å sikre at eg brenner kaffi på eit aldeles høgt nivå! Dette sikrar kaffi av internasjonal... nei, universal kvalitet. 
  3. Kort tid etter eg kom heim til Sogndal fann eg draumelokale for brenneriet! Det er ikkje heilt i boks enno, men utleigar er positiv til prosjektet, og eg håpar på meir info no til veka!
  4. Eg treng kroner. Dette er i utgangspunktet litt synd, i og med at eg er raka fant (student). Dog har eg høyrt frå eit visst nasjonalt organ for økonomisk støtte, at søknaden min vert vurdert. For å sitere korrekt: "Viss søknaden ikkje hadde blitt vurdert, så hadde eg fortalt deg det no." Trangt nålauge å komme igjennom, men håpet lev. (Som hos born før julafta.)
  5. Interessa frå hotell og kaféar som eg prata med har vore stor! Lokale produkt, foredla og utvikla i Sogn og Fjordane er svære saker seier dei! Eg er ingen hardnakka bissnissmann, men det lyt eg kanskje bli. Etter eit kjapt reknestykke har vi komme fram til at det lyt selgast mange kilo kaffi. Då slepp eg å havne i økonomisk uføre, noko som mine rådgivera i Kunnskapsparken og Sogn Næring anbefalar at eg styrer klar.
  6. Eg lyt spare punkt 6, 7, 8 og 9 til seinare blogginlegg, slik at eg får noko å skrive om då!
Til toppen