SER MOT FJORDEN: For Rocketfarm og dagleg leiar Egil Mundal er balanse mellom jobb og fritid eit viktig lokkemiddel i rekrutteringa. Den koplinga ønskjer dei å styrka.
SER MOT FJORDEN: For Rocketfarm og dagleg leiar Egil Mundal er balanse mellom jobb og fritid eit viktig lokkemiddel i rekrutteringa. Den koplinga ønskjer dei å styrka. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Gründerselskap snusar på fjordtomt: – Der kan du stå på vannski i matpausen

Teknologimiljøet i Sogndal har lokka med fjell og friluft for å rekruttera til seg smarte hovud. No håpar to av dei at plassering ved fjorden kan styrka den effekten.

Sogndal: 2017 vart eit godt år for robotikk- og teknologiselskapa Rocketfarm og Nlink, dei to teknologiselskapa på Fosshaugane Campus. Samla hadde dei 32 millionar i omsetning, og eit overskot på 2,7 millionar.

No ser dei seg etter ein plass dei kan veksa enno meir. Kandidaten dei har blinka seg ut er det grøne bygget på Nestangen ved Loftesnesbrui, som selskapa har meldt interesse for å kjøpa av Statens vegvesen. 

FJORDNÆRT: Her ser Nlink og Rocketfarm for seg at selskapa kan få rom til å veksa. Loftesnesbrui ligg utanfor venstre bildekant.  Foto: Halvor Farsund Storvik

– For oss er den bygningen ein sjeldan sjanse, seier Egil Mundal, dagleg leiar i Rocketfarm.

Dei fleste tilsette er tilflyttarar

Dei to selskapa forventar å veksa, og bygget på Nestangen gir nok av rom for det. Nærleiken til fjorden kan samstundes verta eit føretrinn når dei skal rekruttera nye folk.

– Der nede kan du stå på vannski i matpausen, viss det er det du har lyst til, seier Mundal.

Rocketfarm og NLINK har i dag over 30 tilsette, få av dei er innfødde sogningar. Naturen i Sogn og snøen i Hodlekve skal ha sin del av æra for det, samt at selskapa har greidd å skapa ein god balanse mellom jobb og fritid, meiner Mundal.

– Nisja med folk som er glade i friluftsliv og har høg utdanning er kanskje smal, men meir enn brei nok for oss til å veksa kraftig. Ikkje berre det, men den er stor nok til å få vekst i heile regionen. Det er me heilt sikre på, seier Mundal.

Sogndal kommune var første interessent

Han trur plasseringa ved fjordkanten vil gjera dei i stand til å gjera koplinga mellom jobb og fritid enno tydelegare.

– Rekrutteringen er den viktigaste kampen me må vinna for å bli gode på teknologi, seier den tidlegare Sogndal Fotball-leiaren.

Sjølv om dei har hatt synfaring på området, og meldt si interesse, er det langt fram til bygget byter hender. For det første har vegvesenet verken flytta ut, eller lagt det ut for sal.

At Rocketfarm og NLINK annonserer interessa no heng saman med at Sogndal kommune har snusa på det same bygget. Dei kjøpeplanane har no blitt droppa, og dei to Campus-selskapa har rykka fram i køen.

–Viss me ikkje får det, så går verda vidare, og me har det veldig bra der me er no. Men det er ei sjeldan moglegheit, spesielt med våre briller på, seier Mundal.

Til toppen