VANN PRIS: Elevbedrifta Tradisjonell Matglede vann førstepris for beste nærmiljø- og lokalsamfunns prosjekt. F.v. Dagleg leiar Inger Anne Kvam, marknadansvarleg  Nora Tangen Aarskog og økonomiansvarleg Jenny Børresen.
VANN PRIS: Elevbedrifta Tradisjonell Matglede vann førstepris for beste nærmiljø- og lokalsamfunns prosjekt. F.v. Dagleg leiar Inger Anne Kvam, marknadansvarleg Nora Tangen Aarskog og økonomiansvarleg Jenny Børresen. (Foto: Aurland barne- og ungdomsskule)

Gründerspirer gjekk til topps på entreprenørskapsmessa: –Imponerande, seier ordføraren

Elevbedrifta Tradisjonell Matglede frå 9.klasse frå Aurland vann førsteprisen under den tiande entreprenørskapsmessa på Balestrand.

Balestrand: Elevane konkurrerte mot elevbedrifter frå heile sogn, men i kategorien «beste nærmiljø- og lokalsamfunns prosjekt» var jentene frå Aurland barne- og ungdomsskule (ABU), best med si kokebok Tradisjonell Matglede.

– Det var veldig kjekt å vinne! seier tre oppstemte jenter over telefon, som har teke tid ut frå tentamen for å kommentere saka. 

Kontaktlærar Heidi Brandshaug skryt av innsatsen deira: – Dei har jobba utruleg godt, dei verka veldig fornøgde med eige produkt og dei fortjente rett og slett å vinna, seier ho stolt. 

Brandshaug fortel at jentene arbeidde med iver og profesjonalitet - og til og med utanfor skuletida for å få ferdig produktet.

– Vi brukte tid etter skulen til å laga oppskriftene heime, og ta bilete til kokeboka, fortel Nora Tangen Aarskog, 15. 

Ville blåse liv i gamle tradisjonar

Sidan oppstart i haust, har elevane i niande klasse ved ABU arbeidd fram eigne bedrifter.

Dei fekk kome med forslag sjølve, og dei tre jentene Inger Anne Kvam, 15, Jenny Børresen, 14, og Nora Tangen Aarskog, 15, fann på ideen om å laga ei kokebok med tradisjonelle oppskrifter frå Aurland.

Når dei vart spurde om kvifor dei ville laga ei kokebok, hadde dei svaret klart: –Det går veldig mykje i ferdigmat i dag, og vi ville få fram dei gode gamle oppskriftene igjen.

For å finna dei rette oppskriftene sette dei tre jentene kreativiteten til, og tok til Facebook for å spørja etter oppskrifter frå lokalsamfunnet. Dei fann og ei gamal kokebok på biblioteket som dei nytta.

I Tradisjonell Matglede si kokebok kan ein difor finne oppskrifter på tradisjonsrike rettar som Rabarbara graut, Raspeballar og Sauballar, kjøtbollar av sau, for å nemne nokre.

Aktuell og lokal ide

Ordførar for Aurland kommune, Noralv Distad, var sjølv tilstades på messa og fekk sjå når dei tre jentene mottok prisen. 

– Det dei har skapt var veldig imponerande. Det var veldig tidsaktuelt, ettersom det var nært, ekte og historisk forankra. Det var eit velsmakande og flott framstilt produkt, som det vil være mogleg å lage næring av.

Vidare seier han at han er veldig imponert over alle som deltek på entreprenørskapsmessa, dei har vist ein enorm innsats.

– Vi treng unge entreprenørar som vil skapa noko.

Til toppen