ENKLARE: Magnhild Aspevik ved Felles landbrukskontor ÅLA og Statens Naturoppsyn har sammenfatta eit dokument for å gjere det enklare å forstå reglane for motorferdsel i utmark. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
ENKLARE: Magnhild Aspevik ved Felles landbrukskontor ÅLA og Statens Naturoppsyn har sammenfatta eit dokument for å gjere det enklare å forstå reglane for motorferdsel i utmark. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes

Grunneigar har siste ordet

Sjølv om kommunen har gjeve løyve til motorferdsle i utmark, kan grunneigar nekte deg å køyre på sitt område.

Årdal/Lærdal: Og sjølv om ein er grunneigar, har ein ikkje automatisk løyve til å ferdast i utmarka. Dette fortel Magnhild Aspevik, landbrukssjef for Felles landbrukskontor ÅLA, som dekkjer kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

I samråd med Statens Naturoppsyn har Felles landbrukskontor ÅLA utarbeida eit forenkla dokument som omfattar hovudpunkta til lova om motorferdsle i utmark og vassdrag, samt konkrete døme på kva som er lov i medhald av lov eller forskrift.

Ubrøyta veg er utmark

I tillegg til at lova om motorferdsel i utmark og vassdrag er særs omfattande, må ein også følge nasjonale forskrifter og lokale retningslinjer i den enkelte kommune.

I utgangspunktet er all motorferdsel i utmark forbode, men det kan gjevast dispensasjon til blant anna nytteformål. I dokumentet frå Felles landbrukskontor ÅLA, vert begrepet "utmark" tydeleg forklart, då dette er noko som kan mistolkast.  Her vert det også presisert at opparbeidd veg som ikkje er brøyta, vert også rekna som utmark.

Du kan lese heile dokumentet her.

Aukar kontrollane

Statens Naturoppsyn har fått beskjed om å auke antal kontrollar på motorferdsel i utmark i 2016. Dette kjem etter at lova i 2015 opna opp for at kommunane i Noreg kan opprette løyper for fornøyelseskøyring med snøskuter.

– Dette er nok mest aktuelt på austlandet der terrenget er meir eigna til slike løyper enn her i Indre Sogn, seier Kristoffer Ullern Hansen i Statens Naturoppsyn, avdeling Aurland. 

Ullern Hansen seier at eit auka fokus på kontrollar av lovleg og ulovleg motorferdsel i utmark, kjem av at det er meir aktivitet med motoriserte køyretøy no enn før. Dette gjeld alt i frå ATV, snøskuter, helikopter og motorbåtar i mindre innsjøar.

– Ei endring av lova er på trappene, og ein kan vel kalle det ein liberalisering av lova, der det vert opna for meir aktivitet i utmarksområda, fortel Ullern Hansen.

Til toppen