EIN AV TAPARANE: Hofslund Fjordhotell er èin av grunneigarane langs Fjordstien som får langt mindre erstatning i Gulating lagmannsrett enn i den opphavlege dommen.
EIN AV TAPARANE: Hofslund Fjordhotell er èin av grunneigarane langs Fjordstien som får langt mindre erstatning i Gulating lagmannsrett enn i den opphavlege dommen.

Grunneigarane får millionar mindre i erstatning for Fjordstien

Fleire av grunneigarane som vert råka av Fjordstien i Sogndal får erstatninga kraftig redusert i fersk dom frå lagmannsretten.

Sogndal: Fjordstien er ein offentleg gangveg som er bygd heilt nede ved vasskanten i sentrum av Sogndal. For å realisere prosjektet tok kommunen delar av grunnen frå ei rekkje eigarar langs trasèen.

Den opprinnelege erstatninga kom på litt under 10 millionar kroner, inkludert advokatutgifter og sakskostnader, og vart fastsett i Sogn tingrett i 2014. Det meinte politikarane var for dyrt og klaga avgjerda inn til Gulating lagmannsrett.

No har lagmannsretten kome fram til ei samla erstatning som er i underkant av to millionar kroner lågare enn i tingretten, samstundes som det inkluderer tre millionar kroner for riving av ein garasje som var unnateke frå den opphavlege dommen.

Verst går det ut over Hofslund Fjordhotell, som får erstatninga redusert frå 2,2 millionar til 275 000 kroner. Andre private eigarar får fleire hundre tusen kroner mindre i erstatning enn dei først vart tilkjent.

Dommen er med andre ord ein siger for kommunen, ikkje minst når det gjeld vurderinga om kor vidt Fjordstien vil føre til tap av verdi på dei råka eigedomane.

Mellom anna skriv lagmannsretten at: ... «når de konkrete erstatningsfastsettelsene for eiendommene gjennomgående kan fremtre som beskjedne, har dette sammenheng med følgende: ​Fjordstien fremtrer som et estetisk godt utført tiltak. Stien er lagt i strandkanten/i sjøareal og vil etter lagmannsrettens mening gjennomgående i liten grad forringe verdien av eiendommene. Dertil gir Fjordstien flere av eiendommene en veltilpasset avslutning mot sjøen.»

– Vi er godt nøgde med utfallet. Det viktigaste er at vi har fått ei grundig rettsleg vurdering av verdsetjinga av eigedomar i Sogndal sentrum. Med ein kommune i vekst er det å erverve eigedomar for å få til utvikling diverre noko som vil kunne komme til å skje. Så denne dommen kan vi få bruk for i seinare tilfelle, seier Laura Kvamme (Sp), som er fungerande ordførar i saker som vedkjem Fjordstien. 

Kvamme understrekar at dommen ikkje er rettskraftig før i september. Avgjerdsla kan bli klaga inn til høgsterett. Då berre dersom det blir påpeika eventuelt prinsippielle feil, ikkje med grunngjeving i for låg erstatning.

Porten.no vil komme tilbake med fleire saker og reaksjonar frå grunneigarane i dagane som kjem.

Til toppen