Lærdal: Forslaget til plassering har skapt harme blant dei åtte grunneigarane.

Ein av dei, Petter Rumohr Raa, seier dei kjenner seg overkøyrde, og han er fortvila over korleis skyttarlaget valde å gå fram.
– Sidan starten har me sagt ifrå at me ikkje ønskjer å ha skytebana her. Likevel berre durar dette luftslottet av ei bane fram, som ein treig snøplog som ingen veit kor stoggar. Me kjenner oss totalt overkøyrde, seier han.
- Les òg: Har gryande planar om ny skytebane i Lærdal
- Les òg: Skyttarlaget manglar bane, møter politisk motvind i jobben med å skaffa ny
Misnøgd med prosessane
Raa legg vekt på at ingen av grunneigarane har noko imot skyttarlaget, då fleire av dei har born som er medlem av laget. Dei er heller misnøgde med framgangsmåten.
Tønjum skyttarlag har gjort fleire testar på området, som skred- og støytestar, samt arkeologisk utgraving. Hovudgrunneigar Dagfinn Wendelbo vart varsla om alle testane, men utgravinga vart utført utan løyve til å bruka den private vegen som fører til området.
– Dei rulla fram med ei stor gravemaskin på 16 tonn på ein privat veg der ingen spurde oss om lov til å bruka han. Då var det like før det vart ei politisak for min del, seier Raa.
Leiar i skyttarlaget: – Urimeleg kritikk
Tidslinje skytebane i Lødalen
- August ´17: Tønjum skyttarlag held ekstraordinært møte. Vedtok å starta planarbeid og sette av midlar.
- Januar: Kontroversielt oppstartsmøte i Lærdal kommune. Vedteke å ta saka til politisk handsaming i formannskapen og kommunestyret.
- Febuar: Kommunestyret vedtek at skyttarlaget kan starta opp planarbeid.
- 10. august: Fristen for innspel til planprogrammet gjekk ut.
Jarle Offerdal, leiar i Tønjum Skyttarlag, seier at dei sendte mail til alle grunneigarane under heile prosessen rundt dette, utanom éin ting:
– Dessverre glapp det med melding om eksakt dato for transport av gravemaskina fram til området, til vegeigarane fram til Lødalen.
Offerdal seier at størrelsen på gravemaskina var etter ønskje frå arkeologane, slik at arbeidet kunne gjerast så fort som råd.
– Kritikken om at vi berre turar fram, synast eg er feil og urimeleg. Arbeidet me har gjort i sommar og haust, er tufta på kommunestyrevedtaket den 15. februar i år.
– Me beklagar sjølvsagt at nokon hevdar at me informerar for dårleg, og me skal prøva å bli endå betre, seier han.
Uroa for sikkerheit og ureining
Området i Lødalen vert nytta til mykje, blant anna til turveg, beite og jakt, samt transport av dyr via ein privat veg som går parallelt med den kommunale Movegen som ligg rett over elva Nivla.
Dersom det vert sett opp ei skytebane på det utvalde området, vil den private vegen bli kutta av. Gunneigarane meiner dette er særs uheldig.
– Kven skal ta omsyn til kven?, undrar hovudgrunneigar Wendelbo.
Saka held fram under biletet.

Raa fryktar ei ny bane vil føra til støy frå skytinga, ureining og tap av jaktmarker.
– Bly og koppar, som vert nytta i kulene, er rekna som tungmetall. Desse vil kunne ureina miljøet rundt, seier han og viser til ein rapport frå Mattilsynet.
Rapporten konkluderer blant anna med at beitedyra ikkje burde befinna seg i området, då beitemarka samt elva, kan bli ureina.
Vidare er grunneigarane uroa for tryggleiken, då kuleretninga på bana går parallelt med Movegen.
Wendelbo seier at Lødalen er det beste jaktområdet han eig og at det vil vera umogleg å halda fram med sporten.
– Eg kan ikkje driva jag på hjort i nærleiken dersom det plutseleg kjem eit smell frå bana.
Letta etter utspel i formannskapen
Torsdag var saka om skytebana oppe til handsaming i formannskapen i Lærdal kommune.
Der sa politikarane klart ifrå at dei ikkje vil gå vidare med saka dersom skyttarlaget ikkje får grunneigarane med på laget.
Då Porten.no fortalte grunneigarane nyheita, vart dei letta.
– Det var positivt! Me må nesten senda dei blomar, seier Wendelbo.
– Det er heilt topp. Fornuften sigrar alltid. Det er nesten som me skulle ha klappa, skyt Raa inn.
Likevel ventar dei med å pusta letta ut.
– Eg trur det ikkje før det står svart på kvitt at det ikkje blir lagt ei skytebane her.