OPNAR OPP: Per Hjermann er ein av grunneigarane som tilbyr laksefiske for ein billig penge for å få opp rekrettureringa i Lærdal.
OPNAR OPP: Per Hjermann er ein av grunneigarane som tilbyr laksefiske for ein billig penge for å få opp rekrettureringa i Lærdal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Grunneigarane vil gje laksefiske til folket

For å få opp rekrutteringa etter år med lakseparasitt, ønskjer tre grunneigarar langs Lærdalselvi å stille fiskerettane sine til disposisjon i 2018.

Lærdal: – Det er viktig å få opp interessa for laksefiske i Lærdalselvi, og sikra rekrutteringa, seier Per Hjermann. 

Han er ein av tre grunneigarar i Lærdal som har stilt fiskerettane sine til disposisjon for lærdøler utvalde dagar sesongen 2018. Dei to andre Ole Johan Bjørkum og Mark Brooks.

Håpar på ny gullalder

Tjue år etter at Lærdalselvi vart smitta med lakseparasitten gyro, var letta stor då friskmeldinga kom i oktober i fjor. Håpet er at det verdskjende laksefisket igjen skal lokka turistar til bygda.

– Me kan få bruk for klepparar igjen, for eksempel. Den generasjonen som var er meir eller mindre borte no. Me som utleigarar har sjeldan tid til å springa i elva, for me driv som regel gardar i tillegg, seier Hjermann.

Jobben til ein kleppar er å legga alt til rette for dei som fiskar, setta opp stenger, velja fluer og hjelpa til med å få fisken på land. Yrket stammar frå tida då britiske lordar starta lakseeventyret på 1850-talet.

I 2013 vart det opna for fiske i Lærdalselvi att, etter 17 år med forbod. Med fjorårets friskmelding er håpet at det igjen skal bli ei viktig inntekt for grunneigarane.

– No blir det næringsgrunnlaget enno større, heilt klart, seier Hjermann.

Grøttebø: – Alle kan melda si interesse

Fisket vert administrert av Lærdal jeger og fiskarlag. Dei vil ha ein stand på Lærdalsmarknaden med ei liste der folk kan melda seg på.

Det er snakk om utvalde dagar gjennom sesongen fordelt på dei tre grunneigarane sine soner, og det er eit avgrensa tal stenger per døgn. På ungdomscampen til Mark Brooks blir det opplæring i flugekasting.

– Alle kan melda si interesse, men medlemar i laget vil få førsteretten, seier leiar Torfinn Grøttebø i Lærdal jeger og fiskarlag.

Hjermann håpar på ein god sesong, sjølv om det har starta treigt. Sjølv er han glad i å fiska, men slit med å finna tida til det.

– I allefall med slike somrar som no, for då går vanningsmaskinene for fullt og eg har ikkje tid til å driva å springa nede i elva.

Til toppen