SATSAR: Fire grunneigarar har gått saman om å utforska moglegheiter kring utbyggjinga av eit hyttefelt i Seimsåsen. Under eit møte med Årdal Utvikling og Årdalsnett diskuterte dei ulike løysingar.
SATSAR: Fire grunneigarar har gått saman om å utforska moglegheiter kring utbyggjinga av eit hyttefelt i Seimsåsen. Under eit møte med Årdal Utvikling og Årdalsnett diskuterte dei ulike løysingar. (Foto: Sunniva Knutsen)

Grunneigarar i Seimsåsen vil satsa på hytteutbyggjing, tek inspirasjon frå Hodlekve

Fire grunneigarar har gått inn for å satsa på utbyggjing av eit hyttefelt i Seimsåsen i Årdal kommune.

Årdal: Nyleg møtte dei med lokale aktørar for å diskutera ulike løysingar. 

Målet er å følgje ein type klyngemodell som sentrerer seg kring Seimsåsen aktivitetssenter på tomtene som dei fire grunneigarane Erik Skogli, Håkon Seim Lysne, Anders Seim Jr og Jostein Granby, eig. 

– Dette er eit spennande prosjekt. Me har hatt varierande entusiasme for å seia det sånn, men i det store og heile er med alle positive til utviklinga. Det blir spanande å sjå kva planarbeidet munnar, seier styreleiar Erik Skogli til Porten.no. 

Samarbeid med lokale aktørar

Grunneigarane er per no inne i idéfasen av prosjektet, og har diskutert ulike løysingar saman med Årdalsnett og Årdal Utvikling. Dei aktuelle tomtene i Seimsåsen ligg innanfor ein arealbruksplan som kommunen oppretta i 1996.

sa næringssjef Terje Laberg, at Årdal Utvikling vil støtta prosjektet dersom det vert satsa kommersielt.

Han meiner det bør byggjast eit moderne hyttefelt med alle fasiliteter som er sentrert rundt eit aktivitetssenter, slik som til dømes Hodlekve skisenter i Sogndal.

Moderne hytter framfor tradisjonelle

– Hytter og leilegheiter med veg, vatn, straum og breiband er etterspurde i hyttemarknaden. Eg trur at Seimsåsen kan ha like stor verdi som rekreasjonsområde på sommaren som på vinteren. Det er eit fint område til helårsbruk for hytteeigarar, sa Laberg. 

Det vil vera betre enn ei tradisjonell satsing, der det ligg eit tiltals hytter spreidd her og der, meiner Laberg. Grunneigarane var positive til forslaget.

– Me er ikkje ferdigtenkte, men ein spreidd hytteutbyggjing ønskjer me ikkje. Me er ikkje ekspertar på dette, men me har sett på Hemsedal og Hodlekve til inspirasjon, seier Skogli til dei oppmøtte, og legg til: 

– Eg synst at det er ein stor fordel at me vil utvikla innanfor eit sameige, for då kan me planlegga utifrå det arealet som er tilgjengeleg og ikkje berre utifrå eigedomsgrenser. 

Etter møtet vart det semje om at Laberg skal kontakta moglege planarbeidarar, som skal koma med forslag til grunneigarane på korleis hyttefeltet kan byggjast ut. I tillegg må området inn i ein ny reguleringsplan.

Til toppen