FULLT: Både grunneigarar og andre hadde møtt opp på Yndestad gard for å høyre presentasjonen til Zephyr AS og prosjektleiar Johnny Hansen. Han møtte mykje motstand frå dei frammøtte.
FULLT: Både grunneigarar og andre hadde møtt opp på Yndestad gard for å høyre presentasjonen til Zephyr AS og prosjektleiar Johnny Hansen. Han møtte mykje motstand frå dei frammøtte. (Foto: Einar Rysjedal)

Grunneigarar og andre synte utbyggjar kva dei meiner om vindkraftplanar

Zephyr AS møtte sterk motstand då vindkraftutbyggjaren møtte grunneigarar og andre i eit møte på Yndestad gard i Guddal. Utbyggjarselskapet ønskjer likevel ikkje å trekkje seg ut av området, og meiner vindkraft er naudsynt for å nå klimamål.

Fjaler: Tysdag hadde Zephyr AS invitert grunneigarar i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger som vert berørte av planane selskapet har i området til møte på Yndestad gard i Guddal. I Høyanger gjeld dette grunneigarar i Øvre Lavikdal.

I tillegg til grunneigarane møtte ei rekkje andre personar opp og synte kva dei meiner om planane til selskapet, skriv Firda

Det var demonstrasjonar før møtet, og det vart også ein spent stemning i møtet. Ein av grunneigarane oppfordra Zephyr til å reise og aldri syne seg i området igjen. 

Det var i utgangspunktet berre grunneigarane som var inviterte til Yndestad gard, men etter press frå grunneigarane, tillet Zephyr at alle fekk vere der gjennom heile møtet. 

Vil ikkje ut

Prosjektleiar Johnny Hansen i Zephyr seier til Firda at verksemda ikkje ønskjer å trekkje set ut av området trass motstanden. Han seier motstanden gjer inntrykk, men at selskapet ønskjer å formidle ein bodskap. 

– Me er opptekne av at det skal bli ei kunnskapsbasert tilnærming til dette, der kunnskapen skal avgjere om ein er for eller mot. Me ser at det tek tid før ein forstår kva dette handlar om og korleis det vert, seier Hansen. 

Hansen viser til at det er snakk om godt eigna fjellområde med gode vindressursar, og at ein får vite i kor stor grad ei utbygging vil påverke forhold i naturen gjennom ei konsekvensutgreiing. Han seier det vil verte ei vanskeleg avveging for norske myndigheiter då det ikkje finst område utan verdi, men meiner det vil vere naudsynt med utbyggingar dersom Noreg skal nå målet om reduksjon i klimagassutsleppa til 2030. 

– Visste å opponere

Nestleiar i Informasjonskomiteen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger, Einar Rysjedal, var til stades på møtet. Han seier til Porten.no at det var tydeleg at grunneigarane var godt kjende med planane etter at Zephyr også presenterte dei for dei i mai. 

– Dei hadde sett seg godt inn i det og visste å opponere. Dei hadde gode argument og framførte dei sterkt. Eg er imponert over kor gode og gjennomtenkte innlegg dei som tok ordet hadde. Det var tydeleg at dette vil dei avvise, seier Rysjedal. 

Vil gje motstand framover

Rysjedal seier at utbyggjarselskapa skal få beisk motstand også framover. Informasjonskomiteen vil jobbe med å mobilisere kommunane til å seie nei til vindkraftprosjekt. 

– Dette er bevis på at sjølv om ein legg vekk nasjonal ramme, held kampen mot enkeltprosjekt fram. Eg forventar at kommunen og organisasjonar står på vår side, og at det vert så mykje lokal motstand at Noregs vassdrags- og Energidirektorat (NVE) ikkje gjev konsesjonar, seier Rysjedal. 

Til toppen