URIMELEG: Mange grunneigarar i Underdal synest erstatninga frå Staten etter etableringa av Nærøyfjorden landskapsvernområde verkar heilt urimeleg og meiner saka bør vurderast på nytt. (Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK)
URIMELEG: Mange grunneigarar i Underdal synest erstatninga frå Staten etter etableringa av Nærøyfjorden landskapsvernområde verkar heilt urimeleg og meiner saka bør vurderast på nytt. (Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK)

Grunneigarar rasar etter erstatningsoppgjer

Erstatningsoppgjeret etter etableringa av Nærøyfjorden landskapsvernområde har sett sinna i kok hos mange grunneigarar og bønder i området. Dei krev no at det blir halde eit nytt erstatningsoppgjer. 

  • Endret

Aurland: – Nokre har fått millionsummar, medan andre ikkje har fått noko som helst. Mange har ikkje ein gong visst at det var mogleg å få erstatning. Dei kan ha gått glipp av store summar, seier talsmann for grunneigarane i Undredal, Leif Inge Underdal, til  Bergens Tidende.

Han meiner at så mange som over hundre grunneigarar kan vera haldne utanfor og kallar saka ein skandale.

Det var i 2002 at Nærøyfjorden landskapsvernområde blei verna og i 2005 fekk området verdsarvstatus etter vedtak i Unesco. Området omfattar kommunane Voss, Aurland og Vik.

Ifylgje Bergens Tidende kan grunneigarar som får avgrensa høve til å ta ut skog, søkja om erstatning frå staten. Underdal meiner problemet er at mange grunneigarar ikkje har forstått eller har misforstått grunnlaget for erstatning.

No har grunneigarane skrive under eit opprop til Fylkesmannen om å få saka behandla på nytt. Det blir også arbeidd for å få til liknande opprop i Flåm og Gudvangen.

Miljødirektoratet er overraska over protestane. Direktoratet meiner tilbodet grunneigarane har fått er i samsvar med lovgjevinga. Fagdirektør Arnt Hegstad seier grunneigarane likevel kan fremja ei såkalla oppfriskingssak, men at dei ikkje har nokon garantiar om å få ny behandling.

Til toppen