GODT SKIFØRE: Mildare vêr er i vente, men kjem ein opp i høgda, vil ein finne godt skiføre i påska likevel, seier statsmeteorolog. Foto: Jonny Asperheim.
GODT SKIFØRE: Mildare vêr er i vente, men kjem ein opp i høgda, vil ein finne godt skiføre i påska likevel, seier statsmeteorolog. Foto: Jonny Asperheim.

Gryande vår, men snøen held

Sør-Noreg går lysare tider i møte, med meir sol og høgare temperaturar. Men skientusiastar kan puste letta ut, snøen held nok til påske, meiner meteorolog Håkon Mjelstad.

  • Endret

Årdal/Lærdal: – Det kjem eit høgtrykk inn mot Sør-Noreg som vil kunne gi periodar med sol og auka temperaturar i helga. Men veldig høge temperaturar får vi ikkje. Gryande vår, kan vi kanskje kalle det, seier Mjelstad.

Det er Sør-Noreg som vil få dei høgste temperaturane i helga, men det er berre snakk om 6– 8 varmegrader.

– Men neste veke begynner det å hjelpe på. Då blir det mindre skyer og ganske så fint vêr, seier Mjelstad. Temperaturen kan kome til å vise rundt 10 grader.

Mildare til fjells

Også i fjellet blir helga og starten på veka ganske så bra.

– Det kjem etter kvart også mildare luft der, men fjellet vil vere litt meir utsett for skyer. Likevel kjem ein nok opp i plussgrader på dagtid sjølv på 1.000 meter.

– Men skiføret, i alle fall når ein kjem eit stykke opp i høgda, vil nok halde seg godt til påske, seier Mjelstad.

Blanda vêr

Resten av landet får meir blanda vêr i helga og utover neste veke.

– Det kjem ein front inn mot Vestlandet i helga, og både laurdag og søndag vil vere prega av skyer, litt regn og det vil blåse kuling på kysten.

– Det er jo ikkje akkurat noko spesielt ved det, konstaterer Mjelstad.

Det blir noko betre på Vestlandet når ein kjem over helga – med meir sol og temperaturar opp mot 10 grader.

Det er kanskje litt over normalen, men det er ikkje unormalt med 10 grader i Bergen i midten av mars, seier meteorologen.

Til toppen