Aurland: Betong og berg som losna i tunneltaket og -veggene fjerna, og ein er i god gang med å sikra overflatene med sprøytebetong.
Når tunnelen er ferdig sikra, med betong og boltar, set elektrikarane i gang med å skifta ut øydelagd utstyr. Arbeid som er heilt naudsynt for tryggleiken til trafikantane blir prioritert i fyrste omgang.
Håpar å opna for rutebuss
– Me håpar å kunna leia buss i rute gjennom tunnelen frå onsdag kl. 19:00. Det vil avhjelpa persontransporten/situasjonen lokalt. For å ha best mogleg framdrift på oppryddinga, lyt anna trafikk venta til fredag.
Finden understrekar at opningstidene føreset at det ikkje skjer uventa hendingar i sluttfasen av arbeidet.
– Me kan sjølvsagt ikkje garantera at alt går som planlagd, men jobbar mot desse tidene. Folk står på, og det har vore svært god framdrift på oppryddingsarbeidet so langt.
Tunneloppgraderinga startar att
Når tunnelen opnar att etter oppryddinga, vil oppgraderingsprosjektet ta fatt på arbeidet att. Det blir då nattestenging med kolonnetider som før.
Ein del av elektroarbeidet etter brannen vil bli ferdigstilt på nattetid etter at tunnelen er opna, medan han likevel er stengd i periodar for oppgradering.