KØ: Gudvangatunnelen er stengd grunna ein buss har motorstans inne i tunnelen. Ein Porten tipsar seier det er kø heilt til Flåm.
KØ: Gudvangatunnelen er stengd grunna ein buss har motorstans inne i tunnelen. Ein Porten tipsar seier det er kø heilt til Flåm. (Foto: Porten tipsar)

Gudvangatunnelen vart stengd grunna buss med motorstans, Porten tipsar: – Kø heilt til Flåm

Klokka 17 sundag stengde Gudvangatunnelen og det vart danna bilkøar heilt til Flåm. 

Flåm: Gudvangatunnelen på E16 mellom Flåm og Voss vart stengd klokka 17 sundag ettermiddag.

Tunnelen vart stengt etter ein buss fekk problem med giret inne i tunnelen, opplyser Jan Erikstad, trafikkoperatør ved Statens Vegvesen. 

Det vart danna store køar som vart lengre då Vegvesenet såg seg naudde til å stenga Flenjatunnelen òg, slik at bilbergaren kunne koma fram til bussen. 

Klokka 17:58 var bergingsbil på staden, og klokka 18:16 opna Gudvangatunnelen. 

Porten tipsar Trine Låksrud sat i stilleståande bilkø inne i Flenjatunnelen, og sa det var kø heilt til Flåm. på staden. 

– Her må ein ha god tid, sa Låksrud.

Til toppen