POLITI: Fleire naudetatar er sett på veg inn i tunnelane.
POLITI: Fleire naudetatar er sett på veg inn i tunnelane. (Porten-tipser)

Gudvangatunnelen og fleire andre tunnelar stengt – røykutvikling frå trailer

Stengt etter røykutvikling og lukt av svidd gummi.

Aurland: Både Gudvantatunnelen og Flenjatunnelen på E16 blei stengt etter melding om røykutvikling frå trailer og svidd gummi-lukt. Vogntoget kjørte austover, skriv politiet.

– Kva som gjer at det har vore røyktutvikling, veit eg ikkje. Vi er på veg fram med ein patrulje som skal snakke med føraren av det aktuelle kjøretøyet, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund til Porten.no klokka 20.14. 

Også Fretheimtunnelen og Onstadtunnelen er stengt medan bilberginga pågår. 

Porten.no kjem tilbake med meir. Tips eller foto? Kontakt oss på tips@porten.no eller 97546895. 

Til toppen