Gulen: Fokus på berekraftig landbruk, betre infrastruktur, berekraftig havbruk og samhandling mellom generasjonar er blant dei lokale ønska for biosfæreområdet. Onsdag kunne dei som ønskte komme med innspel til kva som skal vere strategien til Nordhordland biosfæreområde framover. Om lag 15 personar frå Gulen og Masfjorden møtte opp.

Gulen er med i landets første biosfæreområde – kva moglegheiter gjev det?
Det skulle folk frå Gulen og Masfjorden som møtte fram på Vidsyn i Sløvåg onsdag kveld få komme med innspel om. Dei frammøtte hadde ei rekkje idear om kva berekraftig utvikling kan bety for regionen.