Indre og Ytre Sogn: – VGs avsløring er eit uttrykk for at det er altfor få senger i sjukehusa – og for lite kapasitet i kommunane som skal ta imot pasientane, seier Marit Hermansen, president i Den norske legeforening, til VG.
Målet med samhandlingsreforma frå 2012 var at pasientane skulle skrivast ut frå sjukhusa raskare – og at tilbodet i kommunane skulle byggjast opp.
Meininga var at sjukehusa skal skriva ut pasienten når dei meinar vedkommande er klar, og så skal kommunen ta imot og gje pasienten hjelp og behandling vidare. Om kommunen ikkje klarar å ta imot pasienten, må den betala bøter for kvar ekstra dag pasienten er på sjukehuset.
VG si kartlegging visar at minst 105 kommunar har hatt over 1000 prosent auke i innkrevde bøter sidan 2012. Nokon av desse er små kommunar der små endringar gjer store utslag. Gulen er blant dei kommunane som har hatt ei positiv utvikling.
Har hatt ein nedgang på 100 prosent
Gulen er den kommunen i Porten.no sitt dekningsområde som har hatt størst nedgang. Frå 2012 til 2018 er reduksjonen på bøtene vore 100 prosent, det vil seie 276 000 kroner. Altså fekk kommunen i Ytre Sogn ingen dagbøter i fjor.
– Gulen kommune har bevisst prøvd å ha nok kapasitet på pasientplassar slik at me kan ta imot utskrivingsklare pasientar. Det har me i all hovudsak klart, og det er me glade for, seier kommunedirektør, Reidun Halland til Porten.no.
Kommunane Balestrand, Høyanger og Sogndal hadde ifølgje VG si oversikt korkje dagbøter i 2012 eller i 2018.
Kommune | Innbyggjarar (2018) | Kroner brukt på helser per innbyggjar | Kroner i dagbøter 2012 | Kroner i dagbøter 2018 |
Årdal | 5 277 | 29 805 | 28 000 | 0 |
Lærdal | 2 153 | 26 176 | 0 | 4 747 |
Aurland | 1 778 | 32 847 | 168 000 | 52 217 |
Sogndal | 8 059 | 29 805 | 0 | 0 |
Luster | 5 223 | 25 539 | 8 000 | 0 |
Leikanger | 2 345 | 24 029 | 4 000 | 94 940 |
Balestrand | 1 262 | 54 060 | 0 | 0 |
Vik | 2 674 | 31 545 | 92 000 | 0 |
Høyanger | 4 154 | 28 324 | 0 | 0 |
Gulen | 2 345 | 32 937 | 276 000 | 0 |