BYR PLASS I GULEN: Irene Kjelby Wergeland meiner Gulen Industrihamn eignar seg til prosjektet Hywind Tampen og byr på plass til å stille saman vindturbinar.
BYR PLASS I GULEN: Irene Kjelby Wergeland meiner Gulen Industrihamn eignar seg til prosjektet Hywind Tampen og byr på plass til å stille saman vindturbinar. (Foto: Nicklas Knudsen)

Gulen Industrihamn eigna til vindturbinar

Equinor valde Gulen Industrihamn som plass for å stille saman vindturbinar.

Gulen: Wergeland Base inngjekk alt i februar den fyrste kontrakten med Hywind Tampen, då Equinor valde Gulen Industrihamn som monteringsstad for turbinane i vindparken, melder Dagens Næringsliv. 

– Det er jo første store kontrakten innanfor fornybar energi. Det er veldig kjekt. Det er ein bransje vi har tru på vil kome, seier toppsjef Irene Wergeland i industrikonsernet Wergeland Holding.

Equinors fornybardirektør Pål Eitrheim viser til ein studie frå Multiconsult, som seier at prosjektet vil generere mellom 1550 og 3000 årsverk, og gi mellom 1,8 og 3,5 milliarder kroner i BNP-effekt over prosjektet si levetid. 

Eigna til store operasjonar

Ein av grunnane til at Equinor vil ha base i norsk vestlandsfjord er sjødjupet utanfor kanten på kaia. Equinor vil nemleg setja turbinane saman frå land, i staden for å driva med dyre og kompliserte lyfteoperasjonar til sjøs.

I Gulen i Sogn og Fjordane har i alle fall Irene Wergeland plass nok å by på.

– Industrihavna vår eignar seg til tunge store operasjoner. Her har ein tatt ut stein og utvikla området gjennom 35 år, sier ho.

Til toppen