INNBRINGANDE NORGESCUP: Sølv til Håvard Helgesen og gull til Arne Farestveit vart fasiten etter norgescupen i ledklatring i helga. Ledklatring betyr forøvrig at du klatrar med tau, i motsetning til når du driv med buldring. Foto: privat.
INNBRINGANDE NORGESCUP: Sølv til Håvard Helgesen og gull til Arne Farestveit vart fasiten etter norgescupen i ledklatring i helga. Ledklatring betyr forøvrig at du klatrar med tau, i motsetning til når du driv med buldring. Foto: privat.

Gull og sølv til klatreduoen frå Sogndal

To unge sogndøler imponerte med svært solide prestasjonar under norgescupen i ledklatring på Lillehammer i helga.

Lillehammer: Arne Farestveit tok gull i klassen yngre junior, medan Håvard Helgesen tok sølv i seniorklassen, berre slått av Magnus Midtbø, stjerna i norsk klatring.

Arne Farestveit (15) har konkurrert i tre år, i helga tok han sin første siger.

– Det var kjempeartig og gav absolutt meirsmak. Eg var den einaste som greidde å toppe finaleruta, så det er eg bra nøgd med, seier han.

Les også: Råsterk klatreprestasjon av Håvard (17) frå Sogndal

Satsar for fullt

I dei to kvalifiseringsrundane gjekk det ikkje like glatt. Inn i finalen låg han på sjetteplass. Der vart det derimot full klaff.

– Det er den som tel, seier han.

Sogndølen seier han satsar fullt på klatringa. 

– Det er det einaste eg driv med. Eg ønskjer å bli best mogleg og nå høgt, òg internasjonalt. Kanskje ikkje heilt enno, men det er eit mål, seier han.

Tek innpå den suverene einaren

Nøgd var naturlegvis òg Håvard Helgesen, som var eit par tak frå å tukte Magnus Midtbø, den suverene einaren dei siste åra.

– Han har vel elleve kongepokalar og har vore norges beste i mange år, så det hadde vore tøft å slå han. Men eg er nøgd at eg kom så langt, seier Helgesen.

Sjølv om det var ørsmå marginar som skilte denne gongen, vil han ikkje påstå at han allereie pustar Midtbø i ryggen. 

– Det var nære i denne konkurransen, men han er i verdenstoppen og framleis kanskje verdens sterkaste. Han har òg gått hardare ruter ute enn meg og er nok framleis i sin eigen klasse i Norge. Men eg byrjar kanskje å nærma meg, seier Helgesen.

Til toppen