GLADE VINNARAR: Fire medaljar var fasiten etter dagens NM i skogsløp på Landsskyttarstemnet. Frå venstre. Jens-Henrik Hegg frå Hegg skyttarlag, Ingvild Eikevik frå Sogndal skyttarlag, Sara-Sofie Hegg frå Hegg skyttarlag og Hermann Uglum frå Sogndal skyttarlag.
GLADE VINNARAR: Fire medaljar var fasiten etter dagens NM i skogsløp på Landsskyttarstemnet. Frå venstre. Jens-Henrik Hegg frå Hegg skyttarlag, Ingvild Eikevik frå Sogndal skyttarlag, Sara-Sofie Hegg frå Hegg skyttarlag og Hermann Uglum frå Sogndal skyttarlag. (Bilde: Privat)

Gull, sølv og to bronsar i NM i skogsløp

Fire medaljar til Indre Sogn i konkurransen der både konsentrasjon og uthald blir sett på prøve.

Førde: Med strålande skyting og nest best løpstid tok Ingvild Eikevik i dag gullmedalje i NM i skogsløp i klassen eldre rekrutt for jenter på Landsskyttarstemnet.

Grunnlaget vart lagt med 29 treff på baneskytinga, noko som gjorde at ho starta eit halvt minutt bak dei beste på den tre kilometer lange løpsdistansen. I mål var ho 12 sekund foran sølvvinnaren og 51 sekund foran lagveninna Sara-Sofie Hegg på bronseplass.

Men det stoppa ikkje der, fleire andre unge utøvarar frå Sogn slo òg til medaljar under konkurransen. Jens-Henrik Hegg tok sølvmedalje i klassen eldre rekruttar for gutar, medan Hermann Uglum tok bronse i juniorklassen for gutar.

– Det var verkeleg moro. Eg er litt ivrig på denne sporten, som krev både fysikk og konsentrasjon og heile pakka. Så det er heilt kjempeflott at NM i skogsløp har fått plass på Landsskyttarstemnet, seier Olav Tiemann Hegg, som stod og heia og følgte dramaet på sidelinja.

Til toppen