MYKJE VATN: Elva Utla er ein del større enn ho er til vanleg. Høge temperaturar gjer at snøen smeltar for fullt i fjellet, noko som igjen kan føra til flaum. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MYKJE VATN: Elva Utla er ein del større enn ho er til vanleg. Høge temperaturar gjer at snøen smeltar for fullt i fjellet, noko som igjen kan føra til flaum. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Gult flaumvarsel frå NVE i Årdal og Lærdal

Varme temperaturar kan føra til flaum.

Torsdag varslar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gult for fleire kommunar i Sogn og Fjordane, blant dei Årdal og Lærdal.

Årsaka til det gule varselet er at dei fryktar mykje snø vil smelte i laupet av dei neste dagane. 

– Det er framleis høge temperaturar, også til fjells. Det er stor snøsmelting, og vassføringa vil halde fram å auke i vassdrag som drenerer høgfjellsområde, heiter det i varselet.

Sjekk vêret der du er på Porten.no HER.

Både Utla og Lærdalselva har vakse over normal vassføring dei siste dagane.

– Nivået for gult varsel er venta å bli nådd i fleire mindre vassdrag i løpet av dagen i dag. Reguleringar vil i nokre tilfelle verka flaumdempande, og varselet vil difor ikkje nødvendigvis gjelda i regulerte vassdrag.

I dag er det venta opp mot 30 grader. Kombinerer ein dette med mykje regn, er faren svært stor for at ein får flaum. I vinter har det vore uvanleg mykje snømengder i fjellet, og på grunn av ein kald vår har ikkje smelteprosessen starta for alvor før no.

Til toppen