SIRKUS: Klovnen Jimmy skal sikre at du opnar opp latterdøra, når Cirkus Arnardo gjestar Lærdal. Pressefoto
SIRKUS: Klovnen Jimmy skal sikre at du opnar opp latterdøra, når Cirkus Arnardo gjestar Lærdal. Pressefoto

Gummimannen, klovnen Jimmy og ein fingernem tjuv

Det er nok berre nokre av dei du møter på Cirkus Arnardo. Dei gjestar Grandane i Lærdal måndag kveld. 

Forstillinga blir opna i god Arnardo-tradisjon med Helen Arnardo på ryggen av sin spanske Andalucier-hingst.

Du vil møte den spanske Desy Rich med pulserande hula-hoop dans og flamenco med rockeringar. Det er klart for trampolineshow og fart, sjonglering på hesteryggen, balansekunstar frå under taket og trioen "Kenya Boys" tek deg med på ei livlig reise gjennom Afrika. 

Det gjeld nok også å halde på briller og lommebok, når den danske lommetjuven kjem ut i manesjen. "Gummimannen", ecuadorianeren Cesar Pindo, gjer det mest utenkelege med kroppen sin og den komiske klovnen Jimmy vil til stadigheit dukke opp.

Den nye turnéen har artistar og mannskap frå heile 16 ulike nasjonar fordelt på fire verdsdelar. Det er no 103 år sidan Noreg sist kun hadde eitt sirkus. 

– Å drive sirkus i Noreg byr på mange og store praktiske utfordringar, i år som dei 66 forrige somrane. Me har difor sett saman ei forestilling som me trur vil gi publikum eit par timars avbrekk frå kvardagen, seier Arild Arnardo i ei pressemelding. 

Cirkus Arnardo opnar forestillinga på Grandane i Lærdal klokka 18, måndag 3. august. 

Til toppen