FEKK GULLBILLETT: Gunn Marit Kvåle (16) frå Sogndal gjekk vidare i Idol fredag etter ho framførte låta Mother medan ho spelte piano.
FEKK GULLBILLETT: Gunn Marit Kvåle (16) frå Sogndal gjekk vidare i Idol fredag etter ho framførte låta Mother medan ho spelte piano. (Foto: Youri van der Werve)

Gunn Marit gjekk vidare i Idol: – Var litt nervøs for å sjå meg sjølv på TV

Men det hadde ho inga grunn til, for ho fekk to ja frå dommarpanelet.

Sogndal: På fredag sat 17 år gamle Gunn Marit Kvåle frå Sogndal framfor TV-skjermen saman med nokre av venene sine for å sjå seg sjølv som deltakar på Idol. 

Ho seier ho sat med litt sommarfuglar i magen igjennom sendinga, for ho visste ikkje kortid ho plutseleg ville sjå sitt eige ansikt poppa opp.

– Venene mine tykte jo sjølvsagt at det var veldig morosamt, men eg var litt nervøs heile vegen, men det gjekk eigentleg ganske fint. 

Venninna melde ho på

Gunn Marit fortel at å melda seg på Idol var noko ho og venninna Julie har spøkt med sidan dei var små.

I vinter gjorde Julie nettopp det, utan at Gunn Marit visste om det. 

– Det er litt moro, for me har tulla med at ho skulle melda meg på. Men så gjorde ho det. Eg fekk vita det då ho vidaresendte ein e-post kor det stod at eg var invitert til pre-cast, ein før-audition. Eg vart veldig overraska, seier ho og ler. 

Ho fortel at ho lenge var usikker på om ho faktisk skulle gjera det.

– Då dagen nærma seg tenkte eg at det var ein stor sjanse som eg ikkje kunne gå glipp av, og tenkte litt kvifor ikkje?

– Du valde å hoppa i det? 

–Ja, Idol er annleis enn noko eg har vore med på før, det går jo på TV og det er nasjonalt. Det er jo ein god måte å få visa seg fram litt, ler ho. 

Dedikerte sangen til mamma

Då dagen kom og det var tid for før-audition og sang audition framfor dommarane i Bergen, var sognejenta full i nervar. 

– Det var to intensive dagar og det var ein del venting. Det gjekk absolutt utover nervane, seier ho. 

Saka held fram under biletet.

FEKK GULLBILETT: Gunn Marit Kvåle (17) gjekk vidare med to ja frå dommarar Silje Larsen Borgan og Gunnar Greve. Foto: SKJERMDUMP / TV2

Noko som ikkje var synleg i det heile då ho gjekk føre dommarane og sang Mother av Kacey Musgraves medan ho spelte piano. 

– Kvifor valde du den sangen? 

– Eg hadde nyleg oppdaga den artisten, og tykte at sangen hadde så fin tekst. Eg dedikerte han til mamma, fortel 17-åringen.

Dommar: – Ei sjelfull stemme

Musikkprodusent Silje Larsen Borgan sa at Gunn Marit hadde ei sjelfull stemme. 

– Eg fekk ei veldig sterkt kjensle av at her er det ekte potensial. Du syng bra og har ei sjelfull stemme. Eg ser at dette betyr mykje for deg, sa Borgan. 

Medan produsent, manager og tidlegare artist Gunnar Greve sa at det var «lekkert». 

Tredje og siste dommar Tshawe Baqwa var ikkje heilt einig, men to «ja» frå Gunnar og Silje sendte sogningen vidare.

Til toppen