TALENT: Bernhoft hadde ikkje høyrt ho syngja før på lydprøva og vart svært imponert
TALENT: Bernhoft hadde ikkje høyrt ho syngja før på lydprøva og vart svært imponert (Foto: Youri van der Werve)

Gunn Marit imponerte både publikum og Bernhoft

Det er ikkje kvardagskost for Gunn Marit Kvåle å stå på scena med Jarle Bernhoft, men sist veka fekk ho oppleva det store.

Sogndal: – Det er heilt uverkeleg. Eg har smilt vilt i heile dag, seier Gunn Marit Kvåle.

Det unge sangtalentet frå Sogndal har nettopp gått av scena etter ein duett med Jarle Bernhoft og prøver å ta inn over seg det som nettopp har skjedd.

– For tre dagar sidan fekk eg veta at eg fekk lov å syngja med han og etter det har det berre vore øving.

  Foto: Youri van der Werve

Lang erfaring

Gunn Marit har lang erfaring frå å stå på scena, og har tidlegare sunge duettar med mellom anna Olav Stedje og Tone Damli. Tidlegare har ho vunne MGP Lokal og Norsk Countrytalent.

Under konserten på Meieriet trengte Bernhoft hjelp til låta Buried Gold. På plata er den spelt inn med Raelee Nikole frå San Diego i California, noko som gjorde det vanskeleg å for ho å vera med på konserten.

Bernhoft er ikkje ukjent med Sogndal og spurde nokre vennar kven dei anbefalte. Valet landa ganske enkelt på Gunn Marit Kvåle.

Under introduksjonen fortalde Berhoft kor imponert han blei då han fekk høyra stemma hennar for første gongen.

Fekk først høyre Gunn Marit under lydprøve

– Det var ikkje før under lydprøva at eg fekk høyra ho syngja. Eg blei berre heilt mållaus, seier Bernhoft. 

For Kvåle er det stort å få høyra at folk likar stemma hennar.

  Foto: Youri van der Werve

– Det gir meg mykje motivasjon til å fortsette å syngja.

Sjølv om ho syng kvar dag er ho usikker på kva framtida bringer.

– Det er vanskeleg å seia, men når eg er på konsertar som dette får eg masse positive følelsar, så eg håpar at eg kjem til å gjera noko sånt. Eg kjem uansett til å halda fram med å formidla og syngja på ei scene.

 
Til toppen