STAALESEN TIL SOGNDAL: Gunnar Staalesen legg ut på ei reise der han kåserer om sitt bidrag til kriminallitteraturen dei siste førti åra. Foto: Trygve Schønfelder.
STAALESEN TIL SOGNDAL: Gunnar Staalesen legg ut på ei reise der han kåserer om sitt bidrag til kriminallitteraturen dei siste førti åra. Foto: Trygve Schønfelder.

Gunnar Staalesen vitjar Blaoboksen

Der han blant anna vil gi smakebitar på den nye boka "Storesøster".

Sogndal: Torsdag 27. april vitjar Gunnar Staalesen Blaoboksen for å kåsere om norsk kriminallitteratur dei siste førti åra. Der vil han seie generelt om kriminallitteratur, og spesielt sitt eige forfattarskap. 

Arrangørane skriv i ei pressemelding at det blir smakebitar av blant anna den gong Varg Veum tok turen til Sogndal, og av den nye boka Storesøster. Det vil også bli lagt opp til kommentarar og spørsmål frå salen. 

Arrangementet startar 19:30, og Blaoboksen bar vil vere open frå start til slutt. 

Aldersgrense er 18 år. 

Les også: Skal satse meir på litteratur i Blaoboksen

Til toppen