BESØK: Tysdag besøkte Gunnvor Eldegard (Ap) fleire lokale bedrifter og den vidaregåande skulen før ho avslutta på NorSun og Årdal Mottakssenter. Eldegard er fødd og oppvaksen i Årdal, men sit på Stortinget for Akershus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BESØK: Tysdag besøkte Gunnvor Eldegard (Ap) fleire lokale bedrifter og den vidaregåande skulen før ho avslutta på NorSun og Årdal Mottakssenter. Eldegard er fødd og oppvaksen i Årdal, men sit på Stortinget for Akershus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Gunvor Eldegard ser mot framtida

I samband med årsmøtet til Arbeidarpartiet var stortingspolitikaren på ein skikkeleg rundtur i Årdal.

Årdal: Mellom anna var Eldegard (Ap) innom Årdal vidaregåande skule, der ho i tillegg til å møte unge gründerelevar også snakka om dei unge sitt engasjement i politikken for å forme framtida. Og nettopp framtida vart ein raud tråd i samtalen. 

– Eg trur det betyr noko for alle lokalmiljø og bygder å ha unge gründerar. Eg har jobba ein del med Ungt Entreprenørskap både som politikar og med eigen bedrift, og som eg prøvde å fortelja elevane, så er det mange som har ein idé, men det å starta ein bedrift handlar om så mykje meir, seier Eldegard.

– Det viser seg at fleire av elevane som har hatt om entreprenørskap i skulen, startar eigne bedrifter seinare i livet. Det tenkjer eg er ei fantastisk fin læring. Som bygd, er det viktig med folk som torer å satsa. 

Treng gode fagarbeidarar

Årdal har lenge vore eit ganske einsretta samfunn, der industri har stått i fokus, men med åra har stadig nye område blomstra opp, seinast med reiselivet. Samstundes er det sentralt med balanse for stadig å fôre industrien med fagfolk. Der spelar den vidaregåande skulen ei viktig rolle.

– Eg må seia at me treng mange gode fagarbeidarar framover, og Årdal har veldig god tradisjon for å utdanne fagarbeidarar for framtida. Det vil det vera stort behov for framover.

Framtidsretta industri

Og i tillegg til Hydro er då NorSun ein ettertrakta arbeidsplass for dei som vel denne yrkesrettninga. Eldegard var også innom her i løpet av dagen, og er det noko som er framtidaretta, er det solcelleproduksjon.

– Det er utruleg framtidsretta, men ein beintøff marknad, så her må ein vera teknologisk best. Eg har vore på Stortinget sidan 2005, og ei av tinga me har jobba mykje med er utvikling. Me sette av ganske mange middel til omstilling her i Årdal. NorSun var eit av prosjekta som kunne nytta seg av midla. Det har vore ein tøff prosess, har eg sett, men det er stas å sjå at det går så bra. 

Til toppen