KUNSTNARINNE: Guro Stokkebø Fossøy framanfor nokre av bileta ho stiller ut på Fuglesteg.
KUNSTNARINNE: Guro Stokkebø Fossøy framanfor nokre av bileta ho stiller ut på Fuglesteg. (Foto: Luster Turlag)

Guro har fått eigen kunstutstilling på Fuglesteg

630 meter over havet i den gamle fjøsen på Fuglesteg kan du no sjå kunst frå ei lokal kunstnarinne.

Luster: – Når eg har musikk i øyrene og ein pensel i handa, då har eg det bra, seier Guro Stokkebø Fossøy.

Ho har mala 26 maleri med ulike motiv og størrelsar til si eiga kunstutstilling på Fugelsteg. 

– Det var i vinter dei spurde meg om eg ville måla så eg har no hatt god tid på meg. Nokre måleri er frå 2016 medan andre er heilt nye, seier ho.

Glad i å måla portrett og dyr

I kunstutstillinga vil du finna ulike motiv som Fossøy håpar skal appellera til dei som ser på. 

– Før måla eg helst landskap men no har eg skifta litt retning. Folk og dyr tykkjer eg er spanande for det er så mange følelsar hjå dei. Dyr kan få så mange uttrykk og det likar eg. 

PORTRETT: Guro er glad i å måla portrett, noko utstillinga bær preg av. Foto: Stein Bugge Næss

Ho har vore kreativ og dyktig med hendende heile livet, men interessa for måling starta på vidaregåande.

– Eg byrja på Mo og Jølster vidaregåande skule fordi eg likte å teikna og måla. Det blei inngangsportalen til det heile. 

Likar å dela måleria sine med andre 

Eit måleri er ikkje gjort på nokre minutt, og Fossøy legg ikkje skjul på at nokre måleri er meir krevjande enn andre.

– Nokre går berre av seg sjølv og eg balar ikkje noko med det. Andre kan eg driva på med i ein månad og likevel ikkje få det til. Då set eg det vekk og byrjar på att seinare. Det meste blir bra til slutt.

Både familie og vener har fått gleda av dei kunstnariske ferdigheitene til Guro. 

– Eg måla soverommet til sonen min då han var liten. Alle figurane var frå Bambi og Tarzan. Det blei store reaksjonar då eg la sponplater over det nokre år seinare. Ellers er det kjekt å gje måleri til familie. Mamma har fått mange og blir like glad kvar gong ho får eit nytt, seier Fossøy og ler. 

Eit sterkt bilete

Nokre bilete blir meir betydningsfulle for kunstnarinna enn andre.

– Det viktigaste biletet eg har måla selde til ei dame i Gaupne. Det er ei jente som har mista noko. Det biletet relaterer eg til.

TAP: Dette maleriet er det viktigaste Guro har måla. Det syner ei jente som har mista noko. Bilde: Guro Stokkebø Fossøy

Og likevel greidde du å selja det? 

– Ja, for når eg har sett namnet mitt under biletet er eg på ein måte ferdig med det, og kan gje det ut. Eg veit òg at eg kan måla eit til.

Håpar ho slepp å bæra alt heim

No håpar ho at mange tek turen til Fuglesteg og likar det dei møter i den gamle fjøsen.

– Eg håpar jo nokon vil kjøpa, men det viktigaste er at folk vil sjå bileta mine. Likevel hadde det jo vore kjekt om eg slapp å bæra alle bileta ned att, seier ho og ler. 

Til toppen