FARVEL: Gustav Valsvik frå Vik rakk å verte ein bauta for Sogndal før han gjekk Strømsgodset. No går turen vidare til tysk fotball. Foto: Sogndal Fotball.
FARVEL: Gustav Valsvik frå Vik rakk å verte ein bauta for Sogndal før han gjekk Strømsgodset. No går turen vidare til tysk fotball. Foto: Sogndal Fotball.

Gustav Valsvik (23) på veg til tysk fotball

Berre den medisinske testen står att før tidlegare sogndalspelar Gustav Valsvik signerer for Eintracht Braunschweig.

Det er Strømsgodset som stadfestar overgangen på sine eigne heimesider.

– Vi henta han som ein ung og lovande midtstoppar og no reiser han til Tyskland som ein av dei aller ypparste i Tippeligaen. Ei suksesshistorie, sier sportssjef i Strømsgodset, Jostein Flo, til Godset.no.

Gustav Valsvik kjem frå Vik og spelte i Sogndal frå 2010 til 2014. Etter to år i Strømsgodset står no altså Europa for tur.

Eintracht Braunschweig held til i 2. Bundesliga, som er det nest øvste nivået i tysk fotball. Det er for øvrig same divisjon som FC Nürnberg, klubben til ein annan kjenning frå Sogndal, nemleg Even Hovland.

 

Til toppen