ETTERFORSKA: 11-åringen var på veg heim frå Farnes skule då ein mann skal ha følgd etter han og dytta guten inn i ein hekk. Foto: Arkiv
ETTERFORSKA: 11-åringen var på veg heim frå Farnes skule då ein mann skal ha følgd etter han og dytta guten inn i ein hekk. Foto: Arkiv

- Guten er sterkt prega

Politiet i Årdal har sett i gang etterforsking i saka om 11-åringen som vart skada onsdag på veg heim frå skulen og søkjer etter fleire vitne som kan ha sett noko.

- Det er viktig for alle partar i saka at vi finn ut av kva som har skjedd, seier Magne Knudsen, lensmann i Årdal.

Klokka halv tre onsdag vart ein 11 år gammal gut forfølgd og dytta inn i eit gjerde på veg heim frå Farnes skule.

Saka er no formelt meldt til politiet.

Les også: Politiet søkjer vitne i Øvre Årdal

Har dialog med asylmottaket

- 11-åringen opplevde at nokon følgde etter han på veg heim frå skulen. Han bevega seg over brua frå sentrum og over på Ve-sida i Årdal. Her vert han teken igjen av ein vaksen mann som dytta guten inn i ein hekk med gjering, seier Knudsen.

Dette medførte at guten fekk skrubbsår på armen, og ifølge lensmannen skal 11-åringen vere svært prega av hendinga.

- Guten beskriv mannen som mørkhuda. Alle veit at vi har eit asylmottak i bygda og at det er fleire bebuarar i kommunen som har opphald på eige grunnlag. Det er naturleg at vi har dialog med mottaket, det skulle berre mangla, seier Knudsen.

Ingen mann med hund

I går gjekk politiet ut å ville ha kontakt med ein mann som var ute å lufta hunden i dette tidsrommet. Då Porten.no kontakta lensmannskontoret torsdag føremiddag, opplyser dei om at dette tipset ikkje gav utslag.

- Det var ikkje noko mann med hund til stades. Derimot var det ein kvinneleg joggar som vi har vore i kontakt med, men som ikkje såg noko. Det skal også ha gått ein anna mann forbi som har helst på mannen som skal ha dytta guten. Han hadde heller ikkje sett noko, seier Knudsen.

Utover dette ønskjer politiet no kontakt med personar som var til stade på Ve-sida i halv tre tida onsdag og som kan ha registrert noko.

- Alvorleg

Hendinga vert etterforska som kroppskade påført på ein mindreårig av ein vaksen mann. Det er ikkje mistanke om at noko anna straffbart skal ha skjedd.

- Sidan det er snakk om ein mindreårig, ser vi på saka som alvorleg. Eg kan ikkje sei noko om alderen på denne mannen, seier Knudsen.

Politiet oppdrar alle som har sett noko om å ta kontakt snarast. Saka vil bli etterforska.

Til toppen