VENTAR SVAR: Kjell Olav Bjørkum og Tom Stian Nundal, som driv Gymoftet DA, er avhengig av økonomisk hjelp for å halde fram med treningssenteret i nye lokale. Foto: Ina Eirin Eliassen
VENTAR SVAR: Kjell Olav Bjørkum og Tom Stian Nundal, som driv Gymoftet DA, er avhengig av økonomisk hjelp for å halde fram med treningssenteret i nye lokale. Foto: Ina Eirin Eliassen

Gymloftet: — Er avhengig av tilskot for å «overleva»

– Gymloftet er ikkje noko me blir rike på, det er mykje dugnadsjobb. No går det mest på samvita for brukarane. Men det blir ikkje noko meir treningsstudio utan støtte, fortel Kjell Olav Bjørkum og Tom Stian Nundal, eigarar av Gymloftet.

Lærdal: I september skreiv Porten.no om at treningssenteret Gymloftet DA og huseigaren Indre Sogn Sparebank i sentrum av Lærdalsøyri, har funne to moglege løysingar på støyproblema frå treningssenteret, som gjorde at alarmen i banken vart løyst ut titt og stadig. 

Indre Sogn Sparebank har tilbydd Gymloftet å flytta inn i lokala ved sidan av banken, som eit alternativ til husvære, då det har vore vanskeleg å finne eigna lokale andre plassar på Øyri og sidan støyproblema då er løyst. 

Treng støtte for å flytta

Bjørkum og Nundal seier dei er nøydd å få økonomisk hjelp for å flytta inn og dekka kostnadar ved ombygging av dei nye lokala. Det skal mellom anna gå til å få installert nøkkelkortsystem, bygging av deleveggar, garderobar  og treningsstasjonar. 

– Det blir ikkje noko meir treningsstudio utan tilskot. Å flytte ned vil bli for kostbart, fortel dei. 

Gymloftet har søkt LNU om 343.000 kroner, der styret i LNU rår formannskapet om at Gymloftet får eit tilskot på inntil 250.000 kroner frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet i samband med flyttinga.

Saka skal opp til handsaming i formannskapet torsdag 17. desember, der også rådmannen si tilråding er i tråd med LNU.

Sosial møteplass

Gymloftet blir nytta av folk i alle aldrar, og dekker ei stor gruppe på eitt par hundre personar. 

– Folk vil ha Gymloftet, dette er ein sosial møteplass i tillegg til å vera treningsstudio. Mange spør om kva som skjer, og brukarane blir usikre. No har me teke eit val om å flytta ned. Spørsmålet er no om kommunen vil vera med å bidra for å få det til, fortel dei. 

Til toppen