FRÅ ELEV TIL STUDENT: Til no har dette bygget vore heimen for studentar på vidaregåande i Sogndal. No skal det byggast om og leigast ut til Høgskulen i staden. Foto: Halvor Farsund Storvik 
FRÅ ELEV TIL STUDENT: Til no har dette bygget vore heimen for studentar på vidaregåande i Sogndal. No skal det byggast om og leigast ut til Høgskulen i staden. Foto: Halvor Farsund Storvik 

Gymnasbygget får ansiktsløfting til 150 millionar

Høgskulen på Vestlandet blir ny leigetakar.

Sogndal: Sogndal vidaregåande skule fekk i januar på plass den siste puslebiten som gjer at dei no er samla under eitt tak på Campus. Samstundes vart Gymnasbygget ledig for høgskulen som veks og treng meir plass.

Det er Statsbygg som skal stå for ombygginga for omlag 150 millionar kroner og leige ut til Høgskulen på Vestlandet. Det gamle Gymnasbygget kjøpte dei av fylkeskommunen i 2015.

– Eg er svært glad for at regjeringa følgjer opp dei offensive og gode planane som Høgskulen på Vestlandet har lagt for campus Sogndal. Eg håpar dette prosjektet kan gjennomførast så raskt som råd slik at dei gode målsettingane ein har for campus Sogndal kan bli ein realitet, seier Bjørn Lødemel (H) i ei pressemelding der det går fram at regjeringa har godkjent finansieringa.

Les også: Rektoren ser fram til opning av nytt skulebygg
Les også: For kjærasteparet frå Sogndal går skulevegen gjennom lufta

Byggeprosjektet omfattar rehabilitering og ombygging av Gymnasbygget i to etasjar. Her kjem kontor til tilsette ved avdeling for lærarutdanning og idrett og ti ulike undervisningsrom, mellom anna to førelesingssalar. 
 
Byggeprosjektet vil bli finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Fordi det er eit såkalla kurantprosjekt må høgskulen sjølv dekke mellom anna husleige, utgift til drift, inventar og utstyr.
 
Partane har blitt samde om ein leigeavtale på 20 år.

Til toppen