SESONGSTART: Viktor Persson og Øyvind Eek frå Bre & Fjell fekk lufta skia på Steindalsnosi på fredag. Ein tur dei ville anbefala på det sterkaste for ivrige skigåarar.
SESONGSTART: Viktor Persson og Øyvind Eek frå Bre & Fjell fekk lufta skia på Steindalsnosi på fredag. Ein tur dei ville anbefala på det sterkaste for ivrige skigåarar. (Foto: Bård Basberg / SGN skis)

Ha skia klare, no kjem det endå meir snø

... I fjella i alle fall.

Indre Sogn: Snøen har allereie lagt seg godt til rette på dei høgste fjelltoppane i Sogn, men framleis er det mildt. Dei komande dagane skal temperaturen falle under 0 fleire stader ifølgje meldingane.

I tillegg opplyser vakthavande meteorolog Aslaug Skålevik Valved, hjå Meteorologisk Institutt, at det skal vera fint vêr og gode forhold for skiturar i helga. 

– I helga er det meldt fint vêr, men på måndag kan vinden styrka seg til liten kuling frå aust. Då kan det bli litt vind i fjella, men for det meste er det meldt pent vêr, seier ho. 

Tysdag kjem snøen

Likevel har Skålevik Valved ein gladmelding til dei ivrigaste skigåarane.

For på tysdag kjem det snø. Frå klokka 12 av vil det koma nedbør. Men det som i låglandet blir regn og sludd, vil i fjella bli snø. 

Dermed er det grønt lys for å grave skia fram frå boda, men meteorologen ber folk som går opp i fjella vera obs på at det kan bli ein del vind i frå aust. 

Natt til tysdag seier Skålevik Valved at det kan bli glatt på vegane også i låglandet, og oppmodar folk om å ha riktige dekk på bilane. 

Lufta skia på Steindalsnosi

Viktor Persson og Øyvind Eek frå Bre & Fjell, tok fredag skia fatt og testa forholda på Steindalsnosi i Luster kommune.

Ein sesongstart-klassiker, ifølgje dei skiglade gutane, fordi turen går hovudsakleg over isbreen, kor dei seier det finns meir enn nok snø no.

MYKJE SNØ: Sesongstarten for skientusiastane i Bre & Fjell og SGN skis, gjekk til Steindalsnosi i Luster, kor det var meir enn nok snø. Foto: Bård Basberg / SGN skis

– Det har vore nokre veker med varmt vêr og høgtrykk, men kun etter få dagar med nedbør denne veka har det lagt seg ein god base for skikøyring, seier Bård Basberg, marknadssjef i SGN skis til Porten.no.

– Til trass for at det er veldig tidleg på sesongen så er det rett og slett knallbra. Meir enn nok snø til å ha det gøy på ski, seier Viktor Persson, dagleg leiar i Bre & Fjell.

Til toppen