I KONFLIKT: Lærdal SV meiner fabrikken dei omtalar som "bosbrenningsanlegg påhekta pelletsfabrikk" nordvest på Håbakken vil koma i konflikt med både intensjonane om publikumsretta verksemd på Håbakken 1 lenger søraust, naturen og landbruk i området. Teikning: Cubus/Porten.no.
meiningar
I KONFLIKT: Lærdal SV meiner fabrikken dei omtalar som "bosbrenningsanlegg påhekta pelletsfabrikk" nordvest på Håbakken vil koma i konflikt med både intensjonane om publikumsretta verksemd på Håbakken 1 lenger søraust, naturen og landbruk i området. Teikning: Cubus/Porten.no. (Foto: Cubus)
meiningar

Håbakken - grøn industri eller risikosport?

Det er flott at Simas satsar offensivt og planlegg eit anlegg som skaper nye ressursar av søppel og trevirke som elles ikkje vert nytta til noko. Men den planlagde plasseringa blir heilt feil, skriv Lærdal SV.

KOMMENTAR: Då Håbakken vart etablert vart det sagt at dette skulle bli porten til Lærdal, ja kanskje endå porten til Sogn! Her skulle det ligge kafé og anna publikumsretta verksemd for å lokke reisande til å stogge, og kanskje velje å legge vegen vidare innom alt gildt Lærdal og Sogn har å by på.

Tunnelpåslaget landa og nett her fordi det andre alternativet reiste med meir enn me kunne tåle av god matjord. Lærdal SV kan vanskeleg sjå at å plassere eit bosbrenningsanlegg med påhekta pelletsfabrikk nett her, rett attmed området som skal fyllast med butikkar og anna publikumsretta verksemd skal vere framtida for Lærdal og Håbakken.

Vidare at ein vil ofre ein heil gard i full drift for å få plass til bosbrenning og fabrikk! Fylgjande skildring står å lese i Aftenposten 29.08.1:” Det stinker. Virkelig, seriøst, på en måte som er vanskelig å forestille seg. En sterk, søtsur stank som setter seg i vegger, klær og ikke minst i håret”. Dei er på besøk på eit moderne bosbrenningsanlegg i Västerås i Sverige.

SKEPTISKE: Gruppeleiar Annike Vanberg og Lærdal SV har etter kvart vorte svært skeptiske til fabrikkplanane i Håbakken. Arkiv
SKEPTISKE: Gruppeleiar Annike Vanberg og Lærdal SV har etter kvart vorte svært skeptiske til fabrikkplanane i Håbakken. Arkiv

Det er ikkje gitt nokon konkrete svar på kor store utslepp, eller kor mykje støy og lukt det planlagde anlegget vil medføre, ein syner berre til at dette vil verte nøyare utgreidd når ein konkret prosjektplan er på plass!

Ein forventar altså at kommunestyret skal godkjenne ein reguleringsplan for planområde 2 utan klare svar, berre lovnad om utgreiingar når ein veit meir om korleis bosbrenningsanlegg og fabrikk skal utformast og kor godt uprøvd teknologi vil fungere i praksis. Men me bit oss merke i at næraste nabo har fått melding frå administrasjonen om at dei truleg ikkje kan bu der lenger når anlegget kjem i drift.

Kva då med kafé og butikkar? Og kva då med leikeområdet som er innteikna rett attmed? Vil nokon stogge i Håbakken då? Ideen er etter det me forstår at tømmer og brorparten av boset skal komme med båt til nybygd godskai i Erdal (som kven skal koste?).

Og båten kan ikkje ligge til kai i dagevis mens trailerar får unna transporten mellom Erdal og Håbakken. Det må difor verte ei form for mellomlagring av både bos og virke på land. Er det verkeleg fornuftig å plassere eit slikt kaianlegg rett utanfor munningen til ei av verdas flottaste lakseelvar? Og kva skjer med elva om ureining frå anlegget på Håbakken skulle komme ut i vassdraget?

Les også: Industri i Håbakken: - Skepsisen har breidd seg meir og meir

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

Det er flott at Simas satsar offensivt og planlegg eit anlegg som skaper nye ressursar av søppel og trevirke som elles ikkje vert nytta til noko. Men den planlagde plasseringa blir heilt feil.

Me kan ikkje støtte eit prosjekt som fører til tap av eit stort areal med matjord og nedlegging av eit godt drifta gardsbruk. I den grøne kommunen Lærdal må me ta inn over oss at god matjord (og reint vatn) er ein ressurs det minkar farleg på frametter.

Me er inne i ei skremmande utvikling der større og større areal dyrkbar jord går tapt kvart år. Naturen treng 2000 år på å bygge opp eit lag på 10 cm med god matjord, då pliktar me å ta vare på denne verdifulle ressursen! Lærdal SV gjekk til val på at me ikkje ynskjer nedbygging av gode landbruksareal, og det står me på og i fortsetjinga.

Vår gode daglege leiar i Lærdal Næringsutvikling skriv at me treng ein retning og ein klar visjon for Lærdal. Me må velje ein retning og halde oss til den kursen.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: Dette er støygrensene

Så kva er me flinke til i Lærdal, og kva har me å by på? Jau, me har suksessrike, særs dyktige bønder, med Lærdal Grønt i spissen. Me har flinke folk som på dugnad får i stand flotte marknadar, musikkfestival, kom heim att helg, idrettsarrangement og mykje anna gildt.

Me har ein rik historie og mange godt ivaretekne kulturminne, Borgund stavkyrkje, Gamleøyri og Kongevegen er berre kronjuvelane i ei stor kulturhistorisk skattekiste. Me kan by på fantastiske naturopplevingar, frå fjell til fjord! Dronninga mellom verdas lakseelvar renn faktisk nedetter vår dal, og rett forbi Håbakken.

Er det ikkje dette me bør satse på, og hegne om? Kva er det som til sist vil vere framtidsretta og gi positiv utvikling for Lærdal? Er det å plassere eit industrianlegg midt i den gildaste innfallsporten til både Lærdal og Sogn, eller er det å satse på dei store ressursane som allereie er i kommunen, og det heilt klare potensialet me har i å utvikle desse vidare?  

Til toppen