BIOENERGI: Dagleg leiar i Simas, Hallvard Thomassen, fortel at Simas ser på Håbakken som ein ypperleg plass å etablere ein trepelletsfabrikk og drive energiproduksjon på avfall og trevirke. Foto: Halvor Farsund Storvik.
BIOENERGI: Dagleg leiar i Simas, Hallvard Thomassen, fortel at Simas ser på Håbakken som ein ypperleg plass å etablere ein trepelletsfabrikk og drive energiproduksjon på avfall og trevirke. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Håbakken kan få trepelletsfabrikk​

Håbakken er det perfekte knutepunktet for å etablere ein trepelletsfabrikk og energiproduksjon på avfall og trevirke.

Lærdal: Men førebels er det for tidleg å seie noko sikkert om det blir realitet av planane og om fabrikken vert plassert på Håbakken, men: 

– Det stemmer at me ser på ei etablering av trepelletsfabrikk og energiproduksjon på avfall og trevirke, seier dagleg leiar i Simas, Hallvard Thomassen. 

I august var det oppretta eit selskap som heiter Ecoinowaste. Planane skreiv porten.no om allereie i juni. Då fortalte Thomassen at dei skulle investere 150 millionar kroner i eit anlegg, men då ville han ikkje seie noko meir enn at dei skulle prøve å tene pengar på bos. 

Utnytte avfall og trevirke til bioenergi

I ein presentasjon Porten.no har funne, går det fram at det er snakk om energiproduksjon og industri basert på trevirke og avfall. Her står det mellom anna at «det er på tide å løfte tankane våre opp dersom ein skal lykkast med å ta ut potensialet som fylket vårt har».

Artikkelen held fram under biletet.

FABRIKK: Industrien kan hamne på arealet nordvest på området rundt Håbakken. Teikning: Cubus/Porten.no.
FABRIKK: Industrien kan hamne på arealet nordvest på området rundt Håbakken. Teikning: Cubus/Porten.no.

– Teknologien dreier seg om å gjere stasjonær energi som avfall om til transportabel energi i form av trepellets, som vert sendt til bioenergianlegg. Då kan me transportere han og køyre langt avgarde for å utnytte bioenergien, så dette er grønt skifte i praksis, forklarar Thomassen.

Bioenergi er energi som har sitt opphav i materiale som er danna ved pågåande biologiske prosessar. Dette kan vere ved eller i dette tilfellet trepellets og avfall. Ved å brenne pellets i ein biovarmeomn, produserer ein bioenergi. Då kan til dømes vatn varmast opp og transporterast i røyr til kundar. Fabrikken i Lærdal vil kunne produsere 30 GWh frå avfall og heile 200 GWh frå trepellets.

Utnytte fjorden

Men i dette tilfellet er det ikkje hushaldningsmarknaden, men industrien som er ein tenkt marknad.

– Det er til dømes ein stor marknad i England, men det kan også vera skular og fiskeforedlingsbedrifter som kan ha behov for slik energi. 

Artikkelen held fram under biletet.

ENERGIBRIKKE: Energibrikka til SIMAS ser ut som ei firkanta rundballe. Restavfallet blir pressa i hop og pakka inn i kvit plast, noko som gjer det lettare å både brenne og transportere. 
ENERGIBRIKKE: Energibrikka til SIMAS ser ut som ei firkanta rundballe. Restavfallet blir pressa i hop og pakka inn i kvit plast, noko som gjer det lettare å både brenne og transportere. 

Skal det sendast over til England, må ein bruke båt, og då kjem plutseleg transitthamna i Lærdal inn i biletet. Som Porten.no har omtalt tidlegare, er ein av planane i omstillingsprosjektet til Lærdal å etablere ei svær hamn til i Lærdal. Torsdag kom det også fram at Lærdal kan få cruisetrafikk i framtida, så det blir nok av båttrafikk på fjorden. 

– Dette er noko som har dukka opp etter kvart i prosjektet. Me er ikkje så flinke til å utnytte den store vegen som er fjorden. Kai er noko me ønskjer oss, seier Thomassen, men legg til at dette er ikkje noko Simas jobbar konkret med. 

Finansiering

Det dei derimot jobbar hardt med no, er å få på plass finansiering.

– Det går fleire parallelle løp no. Det er å få på plass finansiering, støtte frå eventuelt Enova og dette med areal.

Om det blir Håbakken, er ikkje sikkert. Forstudien er det omstillingsprosjektet i Lærdal/Årdal som har betalt for, så difor vil det vere ulogisk om fabrikken hamnar andre stader i Sogn. 

– Dette er knytt opp mot knutepunktet Lærdal. Skal ein lykkast med dette, må ein leggja det slik at du får råstoff frå mange ulike punkt. Det er logistikken som gjer at det er interessant å ha det i Lærdal. 

Då Thomassen presenterte prosjektet i sommar, fortalte han at dette kan gi heile 30 arbeidsplassar. 

Til toppen