MYKJE MEININGAR: Mange meiner mykje om planane i Håbakken og Erdal; diskusjonen vil truleg halda fram som svært polarisert, i alle fall til meir nøytrale fakta ligg føre: Foto: Ole Ramshus Sælthun
MYKJE MEININGAR: Mange meiner mykje om planane i Håbakken og Erdal; diskusjonen vil truleg halda fram som svært polarisert, i alle fall til meir nøytrale fakta ligg føre: Foto: Ole Ramshus Sælthun

MEININGAR

Håbakken og hamn – frå tysst til press

Det har vorte mykje støy rundt planane om pelletsfabrikk og forbrenningsanlegg i Håbakken og hamn i Erdal. Noko som på ingen måte bør koma overraskande på dei fremste entusiastane.

Leiar: Torsdag vedtok kommunestyret i Lærdal å omregulera området som er kalla Håbakken II så det kan koma industri her. At det vart utfallet låg oppe i dagen, men vedtaket og diskusjonen i framkant er interessant å gjera ein liten analyse på.

Les også: No kan det bli industri i Håbakken

For, tidlegare i prosessen har det verka ganske klart at alle parti har ønskja kombinasjonen pelletsfabrikk og forbrenningsanlegg hjarteleg velkommen. Mellom anna kom dette til uttrykk då representantar frå det kanadiske firmaet ECO Waste Solutions vitja formannskapet i haust.

Les også: – This is the future

Firmaet skal levera teknologien, signaliserte at dei vil gå inn med noko midlar sjølve og var i det heile svært gira på at ein skulle få til dette i Lærdal. Frå politikarhald var ordførar Jan Geir Solheim like gira og erklærte at heile kommunestyret i Lærdal stod bak dette.

Langt på veg verka det også slik, om enn i noko meir nedtona ordelag uttrykte også varaordførar Trond Øyen Einemo (H) og gruppeleiar i Ap, Kåre Mentz Lysne at dette var gode greier. Gruppeleiar i SV, Annike Vanberg, var også positiv, men gjorde det klart at prosessen måtte gå føre seg på best mogleg vis.

Pipedebatt

Vitjinga frå Kanada var i månadsskiftet september/oktober. No, fire månader seinare,  har pipen fått ein litt annan lyd. Senterpartiet er framleis dei mest entusiastiske rundt etableringa, men kommunestyrerepresentant Jens Reidar Ljøsne (Sp) sa i kommunestyret torsdag at dette var ei vanskeleg sak og at han hadde vurdert att og fram sjølv.

SV har hamna på andre sida, dei ville utsetja heile reguleringsplanen, men vart åleine om det.

Les også: Industri i Håbakken: - Skepsisen har breidd seg meir og meir

Ap verkar også vesentleg meir skeptiske, og i tur orden gjekk representantane på talarstolen og gjorde det klart at dei kunne vera med på omregulering til industri, det låg dessutan inne frå før, då kommunedelplan for Tønjum og Ljøsne vart vedteken nokre år tilbake.

Men, sjølve spørsmålet om pelletsfabrikk/forbrenningsanlegg var ei sak for seg sjølv ein måtte ta stilling til når meir fakta kom på bordet. Gruppeleiar Lysne nemnde også at det hadde vorte ei uheldig kopling i form av at omregulering blir sett på som einstydande med «Ja» til Simas og EcoInowaste, som står bak planane.

Men det er jo ikkje så rart at denne koplinga har kome; mellom anna grunna det nemnde møtet med Eco Waste Solutions. Og det faktum at ein splitta reguleringsplanen for Håbakken; del II, området Simas/EcoInowaste har peika på, måtte regulerast om så fort som mogleg, nettopp fordi desse har uttrykt behov for kjapp avklaring.

Dette kom klart fram i formannskapet i slutten av november, og ein tok ut Håbakken I som eigen del fordi det var så mange merknader her at det ville ta lengre tid å få omrugulert denne delen. At prosessen har vorte lagt opp slik for å leggja til rette for EcoInowaste er det såleis ikkje særskild tvil om; det har for så vidt vorte sagt rett ut ved fleire høve.

Men, i kommunestyret torsdag skulle ein snakka om industri generelt, ikkje pellets og forbrenning spesielt. For å tydeleggjera dette kom gruppeleiar i Venstre, Frode Myklebust, med framlegget om å fjerna formuleringa i planføresegnene som seier at ein kan byggja så høge industripiper som ein vil; slike unntak bør ein berre gjera når det ligg konkrete søknader om etableringar inne, meinte Myklebust.

Poenget med dette grepet: mangt slag industri må ha pipe, men i alle fall eit forbrenningsanlegg. Myklebust fekk med seg Ap, SV og Høgre på dette; dei kom i fleirtal mot Senterpartiet sine representantar, som alle åtte ville at det ikkje skulle liggja inne avgrensingar for pipehøgd.

På den eine sida kan ein skulda SV og til dels Ap for å vingla i denne saka. Det same gjeld for så vidt Høgre, som ved å vera med på pipeframlegget frå Myklebust også signaliserte at reguleringsplanen ikkje skal vera «skreddarsydd» EcoInowaste. Venstre har fremja få eller ingen standpunkt før no, så den same skuldinga kan ikkje rettast mot dei. 

Store ord

På den andre sida kan ein seia at desse partia har fanga opp signala frå folkerøysta. For, etter kvart har nok folk flest følt at dei fremste forkjemparane for pelletsfabrikk/forbrenningsanlegg har pressa hardt på for å få dette til. Noko av taktikken kan sjå ut til å ha vore store ord; dette vil gje 30 stabile arbeidsplassar i Lærdal, kven vil seia nei til noko slikt? Og det er ein del av ei kjempesatsing i Sogn og Fjordane som på fylkesbasis vil gje opp mot 1000 arbeidsplassar. 

Dette er ein revolusjonerande idè, noko heile Europa vil sjå til. Det passar perfekt inn i det grøne skiftet. Og ein har stødige firma som vil satsa på Lærdal – Simas, i tillegg til Eco Waste Solutions heilt frå Kanada.

Orda har vore så store, skogane så grøne, gullet så skinande og entusiastane så entusiastiske at dette i seg sjølv nok kan ha gjort at skepsisen har breidd seg. Inntrykket blir fort at entusiastane og forkjemparane er blotta for kritisk sans. Sett i samanheng med at prosessen har måtte gått fort og vorte tilpassa Simas/EcoInowaste sine behov føler lærdøler at dette blir pressa på dei.

Og det er ganske basal psykologi at kjensle av press utløyser motstand. Sei til ein treåring at han/ho skal eta middag. Treåringen vil nesten garantert ikkje eta middag. Spør treåringen om han/ho vil ha graut eller spaghetti til middag. Treåringen svarar mest truleg det eine eller det andre.

Tysst

I første del av prosessen var det eigentleg motsett; heilt tysst. Planane om pelletsfabrikk/forbrenningsanlegg måtte ikkje koma for ein dag. Porten. no omtalte planane først, men me visste om dei lenge før. Planane hadde då vore jobba med i alle fall eitt år, truleg ein heil del lengre. 

Då må til slutt fekk hol på det var grunngjevinga for at ein venta lengst mogleg forretningsløyndommar; dagleg leiar Hallvard Thomassen i Simas uttrykte også i nemnde møte med Eco Waste Solutions bekymring for at andre ville stela ideen ettersom dette kom kjappare ut enn han hadde sett føre seg.

Og det er greitt nok, men ein ser ut til å ha gløymt ein annan viktig part; innbyggjarane i Lærdal. For i eit demokrati er ein til ein viss grad avhengig av at lokalsamfunnet der noko skal etablerast er med på dette. Eller, det vil i alle fall gå mykje lettare med eit positivt innstilt lokalsamfunn i ryggen.

Og det er ein annan psykologisk mekanikk; når folk føler seg førte bak lyset, at ting blir skjult, spreier mistenksamheita seg.

På grensa til respektlaust

Med andre ord har prosessen med pelletsfabrikk/forbrenningsanlegg vore godt eigna til å skapa mistenksamheit og motstand. Og akkurat det same gjeld hamna i Erdal; dette kom i media alt i juni. Men så vart det tysst, og då naboar og grunneigarar spurde kommunen kva som føregjekk, fekk dei til svar at det ikkje låg planar føre.

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Kanskje ikkje planar i formell forstand, men openbart idear om planar. Igjen denne kjensla av at ting ikkje må koma ut. Så kjem plutseleg dei formelle planane for ein dag i form av ein førespurnad til kommunen frå EcoInowaste; dei treng hamn, dei treng lagringsplass og bukti i Erdal med tilgrensande grushole er perfekt. Den treng selskapet å få omregulert fort.  

Så fort at det på ei vekes varsel blir hasteinnkalla til ekstraordinært formannskapsmøte og ei ekstrasak i påfølgjande kommunestyremøte. 

Les også: - Hamn er like viktig som Håbakken

At naboar og grunneigarar i Erdal og Håbakken reagerer sterkt seier seg sjølv. Truleg ville dei ha gjort det uansett kor godt grunnlagsarbeid som låg føre. Fordi noko nytt og framandt som fører til store inngrep i nærmiljøet og på eigedommen er skremmande – det bør alle klara å sjå føre seg. Oreigning vil i dei aller fleste tilfeller kjennast som eit alvorleg overgrep frå dei styrande.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Sjølv om oreigning av og til må til, må ein likevel kunne seia følgjande; å be om å få omregulert eit område med bakgrunn i eit dokument på ei A4-side med svært omtrentlege spesifikasjonar, eit kart der området er teikna inn for hand med ein grov tusj og utan noko form for undersøkjingar er på grensa til respektlaust overfor grunneigarar og naboar. 

– Visste lite og meinte mykje

DJUP: Jens Reidar Ljøsne (Sp) kom med dagens djupaste under kommunestyremøtet i Lærdal torsdag.
DJUP: Jens Reidar Ljøsne (Sp) kom med dagens djupaste under kommunestyremøtet i Lærdal torsdag.

For å på eit vis konkludera kan nemnde Jens Reidar Ljøsne (Sp) refererast frå kommunestyremøtet torsdag. Han kom med dagens djupaste: «Før eg kom inn i politikken visste eg lite og meinte mykje. No veit eg mykje, men veit ikkje heilt kva eg skal meina».

Folk flest veit lite om desse planane. Fordi det ein har fått vita har kome i form av utsegner frå forkjemparane og dei med interesser. Lite nøytrale fakta ligg på bordet. Som det har vore etterlyst x-antal gonger må det koma ei konsekvensutgreiing og kanskje ikkje minst ei form for marknadsanalyse/-undersøkjing som seier noko om kor vidt pelletsfebrikk/forbrenningsanlegg er liv laga. Frå nøytrale kjelder.

Inntil det skjer vil folk meina mykje i harde ordelag, og meiningane vil vera i form av: «Eg tykkjer..», «Eg meiner..», «Eg har ikkje tru på..». Fordi folk ikkje har fått sjansen til å vita mykje så langt.

Så verkar det kanskje tungt å skulle tileigna seg så mykje kunnskap, berre for å enda med at ein ikkje veit kva ein skal vita. Men på det viset vil kanskje motpolane i diskusjonen kunne koma nærare kvarandre. Og kanskje var diskusjonen og vedtaket i kommunestyret torsdag eit punkt der denne saka byrjar å dreia meir i den retninga. 

For det er no ei gong tungt å setja i gang store tiltak etter den klassiske demokratiske modellen; først tileigning av kunnskap frå fagfolket, så avgjersler basert på dette av dei folkevalde.

Men historia har vel vist at det er den modellen som i det store og heile, og over tid, funkar best. 

Til toppen