SVINGTE: Sognefjorden Tyrollerensemble og Robert Kvam fekk det til svinga skikkeleg under Oktoberfesten i Sogndal. Foto: Oddgeir Øren
SVINGTE: Sognefjorden Tyrollerensemble og Robert Kvam fekk det til svinga skikkeleg under Oktoberfesten i Sogndal. Foto: Oddgeir Øren

MEININGAR

«Hadde fortent eit adskillig større publikum»

«Det er synd at folk  dreg frå lokalet før alle aktørar har synt seg fram.  Særleg dei lokale», skriv Oddgeir Øren etter å ha vore på Oktoberfest i November i Sogndal.

  • Endret

KOMMENTAR: Fredag 4. november var det invitert til oktoberfest på Sogndal Hotell. Hovudaktør var SFMK (Sjøforsvarets musikkorps),  som saman med Sogndal Musikklag og Sognefjorden Tyrollerensemble skulle stå for OMPA-musikken og med den skape «øl og pølsetelt stemning, slik dei gjer det i München. Det greidde dei ikkje heilt,  men det var eit etande godt forsøk.

Lokalitetane, Sogndal Hotell konferansesal, var rigga med langbord og eigen bar med sal av diverse humørspreiande eliksire.  Meir litt meir omtanke på val av lokalitetar kan dette lett bli ein tradisjon.  Eg savna maten; Sauerkraut, sweinbein und bratwürst.  Men kanskje likegodt at dei ikkje satsa på det,  frammøtet frå publikum teke i betrakting.

Konserten,  eller oktoberfesten, starta i tidlegare nemnde rekkefølge. SFMK tok Tyrollermusikken til heilt nye høgder for meg. Utruleg presisjon, hårfin balanse, dynamikk og formidling som gikk rett inn i hjarterota – gjennom ryggmargen. 

Kommentaren held fram under biletet

PRESISJON: Sogndal Musikklag i samspel med Sjøforsvarets musikkorps. «Utruleg presisjon, hårfin balanse, dynamikk og formidling», skriv Oddgeir Øren.
PRESISJON: Sogndal Musikklag i samspel med Sjøforsvarets musikkorps. «Utruleg presisjon, hårfin balanse, dynamikk og formidling», skriv Oddgeir Øren.

Solistane var, som venta, heilt i toppklasse, i allefall dei instrumentale. Dei var ikkje so verst sangarane heller som var henta frå korpset sine eigne rekker. Dei framførde sitt 90 minutt lange innslag som om dei allereie vist at militærmusikken var redda; at norske politikarar hadde teke til fornuft. 

«Eine Frau aus Dem Blaskapelle», Kapteinløytnant Gerd Meland, som var festleg oppdressa i ei austerisk folkedrakt leia oss gjennom konserten med historiar og anekdotar om musikken og kulturen. «Neste gong du tek turen på oktoberfest so ver merksam på korleis jentene knyter forklea sine.  Knuten på høgre side: ligg unna, Kaddl er rett i nærleiken.»

Kommentaren held fram under biletet

KONFERANSIER: Kapteinløytnant Gerd Meland var konferansier og sangsolist.
KONFERANSIER: Kapteinløytnant Gerd Meland var konferansier og sangsolist.

Arrangøren av Oktoberfest, Sogndal Musikklag var neste aktør.  Dei er framleis å finne mellom aristokratane i korpsmiljøet her  i distriktet  og hadde fortent eit adskillig større publikum.  Det er synd at folk  dreg frå lokalet før alle aktørar har synt seg fram.  Særleg dei lokale.  Under sin nye dirigent hadde SML funne fram til eit svært variert musikkval som inneheldt ikkje berre Tyrollermusikk.  Dei inviterte oss til allsang av kjende sangar,  godt leia av korpsleiaren, Hans Mark Svedal.

Til slutt fekk med oppleve det friske Sognefjorden Tyrollerensemble under humoristisk leiing av Robert Kvam. Med høg humorfaktor mellom stykka  -  og ofte midt inni gjorde dei sitt ytterste for å få med det som no var att av publikum på allsang og ablegøyer.  Desse friskingane har sitt utgangspunkt i Vik Musikklag,  og har ved fleire høve opptredd med stor suksess ved festivalar både her heime og i utlandet.   

Kanskje festivalarrangørar rundt om kunne vere litt merksame på denne gjengen.  Dei får både glasa og tida til å gå fort.

Til slutt vil eg takke korpsentusiast nr. 1 i distriktet, Kåre Lerum, for initiativet.   Dette minna meg mykje om dei gode gamle korpstreffa. Me tek vel DaCapo neste år?

Til toppen