SPENT: Henrik Rønningen, arrangør, gler seg til å vera vertskap for legendene Arne Scheie og Drillo.
SPENT: Henrik Rønningen, arrangør, gler seg til å vera vertskap for legendene Arne Scheie og Drillo. (Foto: Arkiv)

Hadde hytte attmed sportslegende, fekk quiz-duo Arne Scheie og Drillo til Årdal

Då Olav Husum i sommar oppdaga at han var hyttenabo med Drillo tenkte han at han måtte utnytta sjansen.

Årdal: Fredag kan sport- og idrettsinteresserte få bryna seg på ein quiz med legendene Egil Drillo Olsen og Arne Scheie i Årdal.

Det heile starta med at Olav Husum, ein bekjent av arrangør Henrik Rønningen, var hyttenabo med Drillo. 

– Han informerte meg om at duoen arrangerar quiz-kveldar, og dette synst eg var så spanande at me måtte forsøka å få dei til Årdal, seier Rønningen.

SUPERDUO: Drillo og Scheie er på kvar sin måte legendar innan fotballverda. No kjem dei til Årdal for å halda quiz. Foto: Pressefoto/Fotballpro

Husum tok ansvar, plukka opp telefonen og ringde Drillo. Han stilte seg særs positiv til forslaget, og ba han kontakta Scheie, og då var det heile i gong.

Møtte duoen under fotball-VM

Rønningen gler seg stort til kvelden, og fortel at han sjølv møtte både Drillo og Scheie under fotball-VM i New Jersey i 1994. 

Han er klar over dei får konkurranse frå Lærdalsquizen same kveld, men håpar at årdølene likevel stillar opp.

– Dette veit alle kven er, alle har eitt eller anna forhold til Drillo og Scheie, seier han. 

Han fortel at førehandssalet på billettar ikkje har flydd ut lukene, noko han meiner er typisk for Årdal:

– Årdølene har eit syndrom som gjer at dei har totalt fobi mot å førehandsbestilla noko, men som regel blir det fullt hus kvar gong, seier Rønningen.

Til toppen