Hadde Jotun i tankane då Viking beheldt plassen

Hadde Jotun i tankane då Viking beheldt plassen

Rebecca Brun Steinheim og Viking gjorde sin del av jobben for at Jotun skulle halde plassen i 2. divisjon.

Det vil seia: Viking tapte siste seriekamp, men det gjorde overraskande nok også Levanger då dei møtte botnlaget Randesund.

Det betyr at Viking held seg i 1. divisjon, noko som var ein av faktorane som kunne spele inn på om Jotun spelar i 2. divisjon eller i 3. divisjon neste sesong. På individuelt plan er det sjølvsagt godt nytt for Viking-spelar og tidlegare Jotun-spelar Rebecca Brun Steinheim.

– Det var veldig godt. Endeleg hadde me litt hell i uhell me også. Me har leia med 6-7 mål i seks kampar og endt med å tapa eller spelar uavgjort i alle saman, seier ho til Porten.no.

– Me var veldig nervøse alle saman. Me er eit veldig ungt lag, og snittalderen i den kampen var på 18,8 år. Me har ei på 25 år, og resten er mellom 16 og 20 år gamle. Då er det litt vanskeleg i slike kampar kven som skal ta ansvar og få dei andre til å senka skuldrane. 

Tenkte på Jotun

Brun Steinheim seier ho hadde Jotun i tankane då ho gjekk ut på bana mot Fjellhammer.

– Det er klart. Det er Jotun som er klubben i mitt hjarte, smiler ho. Brun Steinheim seier ho fortalte lagvenninene om tabellsituasjonen til Jotun og brukte det til å mange spelarane til kamp.

– Trist

Sjølv har ho fått med seg alle utfordringane Jotun har hatt denne sesongen, som no har resultert i ein nest-sisteplass, under nedrykksstreken.

– Eg synest det er veldig, veldig trist. Eg veit ikkje kva som eigentleg har skjedd, så eg vil ikkje seia noko om det, men eg synest det er veldig rart at dei ikkje har klart å få ei løysing på det, seier ho.

– Me har alle hatt våre konfliktar, men det har klart å løyst seg. Det er litt rart at det skulle bli sånn, og plutseleg er det 17-åringane som skal stå igjen på bana når dei har sete på benken mesteparten av sesongen. 

Fyllingen siste redning

No er det berre eit opprykk på Fyllingen, som spelar kvalifisering 11. april, som kan redde Jotun. Viking-spelaren håpar Jotun får spela neste sesong i same divisjon.

– Eg gjer det sjølv om det ikkje ser så lyst ut med tanke på kven som står igjen. Eg trur ikkje det er så sannsynleg at dei som blei med og hjelpte til denne sesongen, er med neste år. Då blir det ungjentene som står igjen viss det ikkje blir ei løysing på det som har skjedd.

Tøffare nivå i 1. divisjon

For hennar eigen del blir det ingen endringar i laupet av sommaren etter det ho sjølv kallar ein varierande sesong.

– Det var ganske bra i byrjinga. Eg følte eg hadde med meg sjølvtilliten eg hadde i Jotun. Det er veldig stor forskjell på 2. divisjon og 1. divisjon, og då det kom ein downperiode, følte eg at eg ikkje fekk meg opp igjen, fortel ho.

– Men så gjekk det plutseleg mykje betre i siste halvdel av sesongen. Det var litt meir varierande enn i Jotun, og det er eigentleg ein sjølvfølge når det er eit heilt nytt lag med sju spelarar som byrja i år, seier ho og legg til at ho er svært positiv til neste sesong.

– Me skal få ny trenar, og det har vore snakk om tidlegare Tertnes-spelarar som kanskje kjem til Viking, så eg trur det kan bli veldig mykje betre neste år når alle er eit år eldre.

Til toppen