Hæla i taket på nyttårsball

​Torsdag kveld var det duka for det 17. nyttårsballet for psykisk utviklingshemma i Sogn.

Lærdal: I år var festen i Lærdal med nær hundre deltakarar frå Årdal, Aurland, Sogndal, Luster, Leikanger, Vik, Balestrand og Lærdal. ​

Stemninga var topp frå første stund.

Dette er tredje gongen Lærdal er arrangør for dette populære tiltaket. Sist var i 2009 og 2002. Det er Lærdal kommune og lokallaget til Norsk forbund for utviklingshemma i Lærdal som arrangerer.

– Me er kjempenøgde med kvelden, seier leiar for festnemnda Frida Refsum, som har med seg Magni Bergstøl, Steinar Kvigne, Solfrid Sanden og Sissel Simonsen i komiteen.

Artikkelen held fram under biletet.

SPELTE: Long Horn spelte opp til dans på nyttårsballet.
SPELTE: Long Horn spelte opp til dans på nyttårsballet.

– Me var veldig heldige som fekk med oss Long Horn til å spele for oss i kveld med Kristen Olav (Grøttebø red. anm.) som toastmaster for kvelden. Då blir det knallgod stemning. 

– Ein slik fin gjeng er noko av det kjekkaste som er å spela til dans for. Dei er alltid takksame og stortrivast med musikk og song, seier Kvigne, som spelar i Long Horn.

Artikkelen held fram under biletet.

SMEKKFULLT: Så snart det vart opna for dans, var dansegolvet smekkfullt.
SMEKKFULLT: Så snart det vart opna for dans, var dansegolvet smekkfullt.

Under bordseta var det tid til songinnslag der Grøttebø fekk med seg heile forsamlinga på allsong. Her kom dei mest kjende visene til Grøttebø, som «Stamvegvisa» og «Sumar i Lærdal». Etter kvart vart stafettpinnen, ei fele, overrekt vidare til neste års arrangør.

Då er det Vik sin tur til å arrangere, og dei fekk overrekt fela frå Jan Asle Steinheim. På fela står det skrive alle vertskommunane med årstal. Etter bordseta var det dans, og dansegolvet var fylt opp utover kvelden.

– Det er ikkje alle stader menneske med særskilde behov som har dette tilbodet, og det er i grunnen synd. Eit tilbod som dette er flott for dei som treng det.

STAFETTPINNE: Stafettpinnen vart sendt vidare til Vik. På stafettpinnen, ei fele, står det arrangør og årstal.
STAFETTPINNE: Stafettpinnen vart sendt vidare til Vik. På stafettpinnen, ei fele, står det arrangør og årstal.

 

Til toppen