KONTORINNGANG: Det var ved kontorinngangen på Farnes kyrkje at det vart utført hærverk natt til søndag 6. september. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
KONTORINNGANG: Det var ved kontorinngangen på Farnes kyrkje at det vart utført hærverk natt til søndag 6. september. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Hærverk i Farnes kyrkje

Kyrkjekontoret i Årdal ber om at dei skuldige melder seg innan kort tid.

For ti dagar sidan, natt til 6. september, vart det gjort hærverk på kontorinngangen til Farnes kyrkje. Ei rute ved inngangsdøra var knust, men det var ingen teikn på at dette var eit innbrotsforsøk. 

Artikkelen held fram under biletet.

KNUST: Glaset ved kontorinngangen til Farnes kyrkje var knust, men det var ingen teikn til at dette var eit innbrot.
KNUST: Glaset ved kontorinngangen til Farnes kyrkje var knust, men det var ingen teikn til at dette var eit innbrot.

– Me har ikkje meldt det til politiet enno, men om ikkje dei skuldige melder seg innan få dagar, kjem me til å gå vidare med saka, seier kyrkjeverje Ruth Jane Øren. 

Observert folk

Ein lyktestolpe er knekt på gangvegen mellom Farnes barnehage og Farnes skule, og dette har skjedd i same tidsrom som hærverket på kyrkja.

– Det er observert fleire personar i området denne kvelden, fortel Øren.

Til toppen