Hærverk: Det har blitt gjort hærverk på uteområde i Lærdalsøyri barnehage. Arkivfoto
Hærverk: Det har blitt gjort hærverk på uteområde i Lærdalsøyri barnehage. Arkivfoto (Foto: Jan Christian Jerving)

Hærverk på det nye uteområde

Det har blitt gjort hærverk på det nye uteområde til Lærdalsøyri barnehage. Styrar i barnehagen vil at dette skal ta slutt. 

Lærdal: I 2015 fekk Lærdalsøyri barnehage nytt uteområde. Eit område dei hadde venta lenge på og var veldig glade for å ha fått. I år har det blitt gjort mykje hærverk på uteområde.

- Det har blitt gjort hærverk på uteområde og me er veldig lei oss for at uteområde blir øydelagt, seier styrar i Lærdalsøyri barnehage Heidi Austrheim.

Ho kan fortelje at blant anna ferdig plenen har blitt rulla opp og blitt øydelagt. Dei har også oppdaga urin og avføring på mange av leikeapparata i barnehagen.

- Alle kan bruke uteområde, men det er forferdeleg at folk gjere hærverk her. Slik skal det ikkje vere.

Austrheim håpar at det fort blir slutt på hærverka.

- Om det ikkje stoppar av seg sjølv, så vurderer me å politianmelde dette, avsluttar ho.

 

Til toppen