LOKALOPPGJER: J15/16-laga til Hafslo og Syril møttest onsdag til 1/16-delsfinale i A-sluttspelet.
LOKALOPPGJER: J15/16-laga til Hafslo og Syril møttest onsdag til 1/16-delsfinale i A-sluttspelet. (Foto: Privat)

Hafslo trakk det lengste strået i lokaloppgjeret

Lag frå heile verda kjem til Norway Cup for å måla krefter. Men verda er som kjent lita, for onsdag stod Hafslo og Syril på kvar sin banehalvdel. 

Syril J15/16 - Hafslo J15/16: 2-0

J15/16-laga til både Syril og Hafslo har imponert i Norway Cup så langt. Men då dei møttest i 1/16-delsfinalen var det klart at berre eitt av dei kunne avansera i A-sluttspelet.

– Det vart ein tett og jamn kamp, der me var heldige og fekk ballen i mål, medan Syril ikkje greidde det. Alle jentene la ned ein god innsats. Til sjuande og sist er det måla som tel, seier Norhill Terese Norheim, lagleiar for Hafslo, etter 2-0 sigeren.

JUBEL OG FORTVILING: Hafslo kan jubla over skåring, medan Syril-spelarane deppar. Foto: Privat

Jentene på Syril var langt nede etter tapet. Dei tok seg vidare som gruppevinnarar, men møtte bokstavleg tala veggen mot lokal motstand.

– Me brenn mykje sjansar, medan Hafslo er effektive, og set to mål utan å ha særleg med skot. Men slik er det, fotball handlar om å skåra og det klarte me ikkje å gjera denne gongen, oppsummerer Tone Oppedal, lagleiar for Syril.

Treige ut av startblokkene

Det var mål frå Elene Selland og Katharina Heggestad som tippa kampen i favør Hafslo.

Laget fekk ein treig start på turneringa, etter tap og uavgjort i dei to første kampane. Heldigvis var det fem lag i gruppa, og med siger 10-1 mot Vålerenga og 9-0 mot SIF/Hessa IL i dei to siste var A-sluttspelet sikra.

Lagleiar Norheim er imponert over kva laget hennar har vist så langt, men er ikkje direkte overraska heller.

– Me har ein veldig god tropp, med gode og positive jenter som har spelt saman sidan dei var miniputtar. Med innsats og ståpåvilje, så greier me dette her, seier ho.

NOK AV SJANSAR: Syril hadde fortent å skåra, men greidde ikkje å setta sjansane. Hafslo derimot var effektive framfor kassa. Foto: Privat

Slitne bein får ikkje fred

Troppen er liten og fire kampar på tre dagar har teke på. Men slitne bein måtte gjennom enno eit hinder før dei fekk seg ei natt søvn å henta seg inn på.

Same kveld venta Hordabø i 1/8-delsfinalen same kveld, eit lag dei kjente hakket dårlegare enn naboane frå Sogn.

– Me veit ikkje kva me møter, og det tykkjer eg nesten er det beste. Du blir ikkje så oppteken av kven som spelar på det og det laget, sa Norheim før kampen.

Det vart nok ein triumf. I ein ny tett kamp var det igjen Hafslo som vippa marginane i rett favør. Neste hinder er kvartfinale. Draumen er å få bryna seg på utanlandsk motstand, det har dei ikkje møtt enno.

– Det hadde vore veldig kjekt, men uansett kven du møter, må du gjera ditt beste for å slå dei. Det er einaste vegen til finalen, seier Norheim.

Til toppen