HISTORISKE: Aldri før har eit lag frå Hafslo IL greidd å vinna B-sluttspelet i Norway Cup. Dette laget er dermed historiske.
HISTORISKE: Aldri før har eit lag frå Hafslo IL greidd å vinna B-sluttspelet i Norway Cup. Dette laget er dermed historiske. (Foto: Hafslo IL)

Hafslo vann B-finalen for første gong: – Eg er kjempestolt av heile laget

Etter ein alvorsprat i pausen greidde hafslobygdingane å snu tap til siger i Norway Cup-finalen.

Tornado/Måløy-Hafslo: 1-2

Etter ein jamn og tett finale var det G15/16-laget til Hafslo som kunne stikka av med sigeren i B-sluttspelet. Det er første gong at eit lag frå Hafslo idrettslag har greidd.

– Det var den beste følelsen. Eg hadde aldri trudd me skulle greia å vinna. Eg er kjempestolt av heile laget, seier kaptein Markus Nes rett etter premieutdelinga.

HISTORISKE 2: J15/16-laget vart òg historiske, då dei tok seg til kvartfinalen i A-sluttspelet. Der vart det tap mot Hareid, men ingen lag frå klubben har nokon gong kome så lengre i turneringa.

To forskjellige omgangar

Kampen starta rufsete for Hafslo. Allereie etter ti minutt tok Tornado/Måløy leiinga, og fram til pause handla det om å ri av stormen.

Etter kvilen tok derimot dei gulkledde over kommandoen. Kaptein Markus Nes utlikna til 1-1 med ei kontant heading rett etter at kampen var blese i gang att. Like etter sende Simon Hauge Sørensen hafslobygdingane i føringa.

– Det var det me prata om i pausen, at me skulle roa ned spelet. Det lukkast me med, seier Nes.

Kystnaboane gav seg derimot ikkje utan kamp. Sju minutt før slutt fekk Hafslo gult kort og fem minutt utvising. Òg denne gongen greidde laget å stå han av.

– Det var fantastisk moral av gutane. Etter at me vann 1/8-delsfinalen tysdag har det vore ein utruleg giv i gruppa. Sidan har eg kjent at dette er noko dei vil, seier trenar Joar Duesund.

VAIAR I VINDEN: Supportarane til Hafslo er mange og godt utrusta. Flagget til idrettslaget dominerte luftrommet på Ekebergsletta. Foto: Hafslo idrettslag

Ville jubelscener

Han skildrar ville tilstandar etter att sluttsignalet gjekk.

– Me storma bana, eg låg og grynta i graset, me hadde ein æresrunde der me for rundt og takka kvar einaste i publikum. Me var ute av oss sjølve ein periode. Eg veit ikkje heilt kva me gjorde, seier Duesund, hes i stemma etter all jublinga.

Det er ikkje tvil om at laget har hatt ei solid støtte frå sidelinja. Og få lag har så mange flagg og vimplar å stilla med til kamp. Duesund takkar alle dei som har heia laget fram. 

– Me har hatt ein fantastisk supportargjeng som har stilt opp heile vegen, eg veit ikkje kor mange dei var her i dag. Dette er noko me lever lenge på, heile gjengen, seier han.

Til toppen