HEILÅRSHAGE: Alexander Grüner-Moström har jobba medvite med å lage ein hage som kan gi glede heile året. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix
HEILÅRSHAGE: Alexander Grüner-Moström har jobba medvite med å lage ein hage som kan gi glede heile året. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix

Hage for alle årstider

Jan og Alexander Grüner-Moström har skapt ein eksotisk hage som byr på varierte stemningar og overraskande innslag.

– Vi sit veldig mykje ute. Det første året sat vi til og med ute på terrassen midt på vinteren. Gjestar har lært å ha med seg nok klede, dei veit at vi er ute nesten uansett, seier Alexander Grüner-Moström og viser fram ein viktig kvalitet ved hagen: Fleire sittesoner plassert i dei ulike delane av hagen, slik at ein kan finne ein passande stad å vere uansett humør og solforhold.

At ekteparet Grüner-Moström hamna i eit lite hus med stor hage på Nesodden i Akershus, var ganske tilfeldig.

– Vi budde sentralt i Oslo då ein kjenning av oss fall for staden. Ho kjøpte det som eit paradis å bu i når ho blei gammal. I mellomtida skulle ho leige ut, og spurde oss om hjelp til å finne ein leigetakar, fortel Alexander.

Paret fann likevel raskt ut at det var dei som burde bli dei nye leigetakarane. I 2001 flytta dei inn, og i 2004 fekk dei moglegheita til å kjøpe staden.

Artikkelen held fram under biletet.

LOUNGE: Rundt om i hagen har eigarane laga sittesoner for ulike sol- og vêrforhold. 
LOUNGE: Rundt om i hagen har eigarane laga sittesoner for ulike sol- og vêrforhold. 

Frodig jungel

Då Grüner-Moström overtok huset, var den 2,3 mål store tomta stort sett grasplen.

– Fordi vi leigde i starten, kunne vi ikkje endre så mykje, så vi starta med å plassere ut krukker. Så begynte vi å grave litt rundt krukkene, og satsa på at huseigaren ikkje merka det, smiler Alexander.

Då staden blei deira, var det fritt fram for å få utløp for alle idear som måtte dukke opp. I dag er det knapt grasplen igjen.

– Vi ville ha ein vill og frodig hage. Eg er oppvaksen i Guatemala, der ein har kjensla av at naturen tek over så fort den får sjansen. Vi har prøvd å skape noko av den følelsen, seier han.

Sjølv om rådet ofte er å plante med litt mellomrom og la hagen vekse seg til, planta paret i staden tett for å få det frodig fort. Dei føretrekkjer heller å flytte planter i etterkant dersom det blir for trongt.

– Plantene står tett med botndekkande vekstar rundt. Det er nesten blitt eit eige mikroklima her, plantene vernar kvarandre. Det er sjeldan vi treng å vatne, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

LUNT: På verandaen utgjer sjølv vinterveden eit dekorativt element. 
LUNT: På verandaen utgjer sjølv vinterveden eit dekorativt element. 

I arbeidet med hagen har dei både prøvd og feila.

– Vi fekk råd om å undersøkje kva slags planter naboane hadde, for å finne ut kva som trivst i området. Men vi drog berre av garde og kjøpte det vi likte. Mykje av det er borte no, innrømmer han.

Element av kitsch

Artane i hagen er så mange at hageeigarane knapt har oversikt sjølv. Her er blant anna mange sortar rododendron, asalea og magnolia, vassliljer, klematis som klatrar i høge furutre, ein kjøkenhage, ein urtehage, eit eige område for bartre og eit område for japansk lønn.

Hagen er laga med tanke på å vere fin heile året.

– Vi har planta for at noko skal vere i blomster heile vegen frå vår til haust. Om hausten kjem dei fine fargane, og om vinteren kryr det av fuglar her, forklarer Alexander.

Hagen har til og med fått sitt eige namn: «Moods of kp55».

– Namnet viser til adressa vår, Karl Pedersens veg 55, og til at hagen skal by på ulike stemningar, seier han.

Det unorske namnet fortel også om ein hage med eksotiske element. Rundt om i hagen finn ein ulike typar lykter, statuar og figurar.

VATN: Hagen har tre fontener. Denne portalen i jern med fontene i midten møter deg ved inngangspartiet. 
VATN: Hagen har tre fontener. Denne portalen i jern med fontene i midten møter deg ved inngangspartiet. 

– Vi har ein ekstra kjærleik for kitsch. Når vi er på ferie, tek vi gjerne med noko til hagen vår framfor å kjøpe suvenirar. Dei pyntar dessutan fint opp om vinteren, når hagen er i dvale, seier han.

Rennande vatn er dei også glade i og har tre fontener, laga med ulike kreative løysingar. Ei av dei er til dømes eit kar som tidlegare blei brukt til oppdrett av ål, toppa med ei engelsk pipe.

– Eg er vakse opp med fontener og lyden av rennande vatn. Berre lyden i seg sjølv verkar svalande på varme sommardagar, seier Alexander.

Den frodige sommarhagen er snart på hell, men har likevel mykje å by på.

– Vi har eit område med ulike typar japansk lønn som blir eit fyrverkeri av fargar om hausten. Eg er eigentleg ikkje noko haustmenneske, men dei fargane gler eg meg alltid til, seier han.

Tips for hausthagen

  • Frisk opp beda med nokre nye haustblomstrande staudar som solhatt, storhjortetrøyst, haustanemone, smørbukk, floks, kinasøte, anisisop og solbrot. Plantene etablerer seg fint når jorda er fuktig og temperaturen lågare.
  • Lauvfellande busker går i kvile om hausten, og dei kan plantast sjølv om dei har mista blada. Ved haustplanting av busker treng du ikkje å gjødsle før til våren, sidan røtene er i kvile og ein del av næringa vil bli vaska ut gjennom vinteren. Neste vår vil desse trea kunne starte veksten tidleg, og dermed ha eit fortrinn samanlikna med dei som har stått i potte.
  • Om hausten kan du klippe både kirsebær og morellar. Skal det fjernast store greiner av bjørk eller lønn, må dette gjerast no. Skjær til dei eldste greinene på rips, solbær og stikkelsbær. Då vil det kome nye greiner neste år, og busken vil halde seg mindre, friskare og gi meir bær. Bringebær er toårig, det vil seie at greinene som har gitt frukt i år, skal klippast vekk no. Hekken kan også få ein siste stuss.
  • Luk gjerne før frosten kjem. Det er ofte lettare å få med seg røtene på ugraset når jorda er blitt meir fuktig.
  • Planter som har stått på verandaen gjennom sommaren, som fuksia, pelargonia og stoveplanter som ikkje toler noko særleg frost, bør takast inn.

(Kjelde: Opplysningskontoret for blomster og planter) (©NPK)

Til toppen