NY BIL: Håkon Kvanli kunne juble for ein splitter ny bil i helga. Foto: Frank Eldegard.
NY BIL: Håkon Kvanli kunne juble for ein splitter ny bil i helga. Foto: Frank Eldegard.

Håkon (18) kunne juble for ny bil

Håkon Kvanli (18) blei det heldige vinnaren av ein splitter ny bil i helga.

Årdal: 18-åringen var ein av mange som testa lykka i det tradisjonelle billotteriet under Fjord til fjell-dagane i Årdal denne helga.

– Det er litt uverkeleg. Eg trudde ikkje heilt på det i starten, seier han til Porten.no.

På lodd nummer 1628 låg hovudpremien, som var ein splitter ny bil til ein verdi av 210 000 kroner. 

– Anne Kauppi ringte meg litt før det vart offentleggjort i sentrum. Då sprang eg rett opp trappa til mor og far og fortalte det. Eg var nærast på gråten.

Bilen prøvekøyrde han allereie same dag og tok den på veg til skulen i dag. Kvanli fortel at det var mora som kjøpte loddet, så han skulle sjå det an om premien skulle dryppe litt på ho også. 

Til toppen