Haldt seg innanfor rammene

Haldt seg innanfor rammene

Dei to prosjekta med ny avløypsløysing i Øvre Årdal og utskifting av leidningsnettet i Volldalsvegen og Teigavegen kom innanfor budsjettrammene.

Torsdag behandla kommunestyret i Årdal dei to sluttrapportane på desse prosjekta. Og det var med glede at dei kunne ta til orientering at begge prosjekta haldt seg innanfor dei budsjetterte rammene.

Arbeidet med ny avløypsløysing i Øvre Årdal hadde eit budsjett på 40 millionar kroner og kom innanfor budsjett med ein margin på 850 000 kroner.

Utskiftinga av leidningsnettet i delar av Volldalsvegen og Teigavegen hadde ein budsjettert kostnad på to millionar kroner. Her var marginen på 700 000 kroner.

– Det som er positivt er at ein klarar å halde kostnadsrammene slik at ein ikkje sprekk. Det har vore mange saker med ekstraløyvingar, og som politikar er det litt godt at me klarar å halde dei rammene som blir sett, seier Glenn Morten Hestetun (Ap).

I rapporten for avløypsprosjektet heiter det at godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i byggefasen var ein viktig suksessfaktor. Aleksander Øren Heen (Sp) slutta seg til innspelet frå Hestetun og rosa samstundes rådmann Olve Fossedal for slike sluttrapportar.

– Det er hyggeleg å kunna gjera dette. Som ny rådmann har eg hatt samtalar med ordførar om kva kommunestyret forventar at rådmann skal gjera. Eit av dei punkta er at jobben ikkje er gjort før papirarbeidet er sluttført, seier Fossedal.

Til toppen