STYRELEIAR: Avtroppande direktør i Noregs Forskingsråd, Arvid Hallén, vert ny styreleiar for Høgskulen på Vestlandet. Foto: Terje Borud/Innovasjon Norge.
STYRELEIAR: Avtroppande direktør i Noregs Forskingsråd, Arvid Hallén, vert ny styreleiar for Høgskulen på Vestlandet. Foto: Terje Borud/Innovasjon Norge.

Hallén vert styreleiar for den nye høgskulen

Arvid Hallén blir styreleiar for den nye Høgskulen på Vestlandet. Han får med seg Kari Kjenndalen, Aina Berg, Trond Ueland og Gunnar Birkeland.

Sogndal: Det skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding onsdag. I tillegg til medlemmane som departementet har valt, skal styret og interimstyret ha medlemmar som er valde av dei tre høgskulane.

− Styra ved dei ulike høgskulane har gjort ein god jobb med å førebu samanslåinga, og interimsstyret får no det viktige ansvaret for å ta dette vidare. Eg er trygg på at dette vil gje Høgskulen på Vestlandet ein god start, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I juni gjekk dei tre styra til Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen og Sogn og Fjordane og Høgskulen i Bergen inn for å slå seg saman til Høgskulen på Vestlandet.

Det skjer ved årsskiftet, men allereie no får dei tre skulane eit felles interimstyre. Interimstyret vert styret for høgskulen i perioden 1. januar 2017 til 31. juli 2019.

Avtroppande direktør i Noregs Forskingsråd, Arvid Hallén, er oppnemnt av Kunnskapsdepartementet som styreleiar.

− Høgskulen på Vestlandet har fått dyktige styremedlemmer som skal jobbe med den historiske samanslåinga. Den nye institusjonen vil gjere regionen betre i stand til å møte omstillinga som Vestlandet er midt oppi, seier Røe Isaksen.

Kari Kjenndalen vil vere styreleiar for høgskulestyret fram til Arvid Hallén går av som administrerande direktør i Forskingsrådet i mars neste år.  

Til toppen