Årdal: – Det blei Hallvard Seim Lysne frå Åtil, som blei vinnaren av HMR Trippelen, og alle løpa samanlagt, fortel Terje Solheim, løpsleiar, etter dagens arrangement.
Dei to førre løpa i trippelen, Tangen på kanten og Vettisløpet, blei begge arrangert i mai. I dag var det tid for det siste og avgjerande løpet.
- Les òg: Trippelen har fått eit nytt løp.
Rune Opem med ny rekord
– Lysne vann i år, og Per Ove Walaker frå IL Fanaråk, kom på 2. plass. Han vann trippelen i fjor. Jan Øyvind Bolstad frå IL Fanaråk kom på 3. plass, seier Solheim.

Det var 46 aktive løparar som stilte opp i dagens løp, noko arrangørane var nøgde med.
– Det var til tider spanande i dag. Rune Opem i IL Dalebrand tok ein nesten uslåeleg rekord, og sprang 6,5 kilometer på tida 22:10, seier Solheim.
Opem blei dermed vinnaren av sjølve Hydro Rundt.
– Han senka løyperekorden med 2,5 minutt frå i fjor. Han vann Vettisløpet òg, men deltok ikkje på det fyrste i trippelen. Hadde han gjort det hadde han vunne suverent, seier Solheim.
Imponerande ungdom
Vinnarane av Hydro Rundt blei dermed Rune Open på 1. plass, Hallvard Seim Lysne på 2. plass, og Per Ove Walaker på 3. plass.

– I tillegg gjorde Selina Barsnes frå IL Jotun, eit imponerande løp. Ho er årets konfirmant, og vann alle tre løpa i sin klasse.
Barsnes sprang på 28:28. Barsnes vann dermed trippelen blant damene. Karianne Gudvangen kom på 2. plass, og Marita Hestetun på 3. plass.
– Gard Reppen Vigdal er vinnar i klassen ungdom, både i dag og totalt, legg Solheim til. Han sprang på 25:44.
Saknar fleire trimmarar
Solheim er nøgd med dagens løp, men det er ein ting han saknar.

– Det er altfor få trimmarar som stiller opp. Dei aktive hadde ei auke på 8 deltakarar frå i fjor, og det er positivt, men me treng fleire trimmarar. Det burde vore tre gonger så mange.
Ellers var stemninga på Torget i Årdal upåklageleg.
– Det var mykje publikum, og alle blei jubla og heia i mål. Det var 20 varmegrader i lufta, og fantastisk stemning, avsluttar Solheim.